Vanskeleg etisk val mellom liv og død

I etikk-komitear kan pårørande og legar saman diskutere om det er best å stoppe eller halde fram livsforlengjande behandling. Ordninga er for lite kjend, beklagar professor i medisinsk etikk.

– Det vert ofte utført unødig og tildels uønskt behandling, påpeiker professor Reidun Førde.

Foto: Francesco Saggio

Eit av dei store medisinske dilemma er når livsforlengjande behandling bør avsluttast hos alvorleg sjuke og døyande pasientar.

– Dei fleste dødsfalla på sjukehus skjer etter at legane aktivt har bestemt seg for å stoppe behandlinga. Overbehandling er ikkje alltid til pasienten sitt beste. Problemet er at pårørande nokre gonger har større tru på mirakelmedisin enn på legar. Det kan difor oppstå konfliktar mellom legar og dei næraste. Nokre pårørande gir seg aldri med å krevje meir behandling. Somme vil stoppe behandlinga. Andre trugar med å gå til media. Legane veit ikkje alltid kva dei skal gjere i slike situasjonar. Det finst ikkje fasitsvar, påpeikar professor Reidun Førde ved Senter for medisinsk etikk på Universitetet i Oslo.

For lite kjent

Etter initiativ frå forskingssenteret har alle norske helseføretak etablert kliniske etikkkomitear, der helsepersonell og pårørande saman kan diskutere dei etiske problemstillingane ved livsforlengjande behandling. I landets 39 komitear sit alt frå professorar i medisin og sjukepleiarar til prestar, juristar og sosionomar.

– Alle kan ta kontakt med etikk-komiteen ved sjukehuset. Her kan både klinikarar og pårørande be om hjelp til å drøfte dei etiske aspekta. Komiteen er korkje ein klageinstans eller ein domstol, men ein plass der ein kan trekkje fram dei etiske sidene og diskutere i fred og ro om kva som er til det beste for pasienten. Dessverre er dette tilbodet lite kjent.

Kan møtast på kort varsel

Den kliniske etikkkomiteen på eit av landets største sjukehus, Oslo universitetssykehus Rikshospitalet, diskuterer rundt ti saker i året. Komiteen kan møtast på kort varsel. Nokre gonger allereie i løpet av nokre timar. Senter for medisinsk etikk har forska på korleis dei etiske komiteane fungerer.

– Klinikarane er stort sett fornøgde. Mange legar er tradisjonelle og meiner dei skal klare seg sjølve, men mange synest det er greitt å be om råd og få eit blikk utanfrå. Dei har ofte bestemt seg for kva dei meiner er riktig, men vi veit at samtalane har hatt konsekvensar. Det har skjedd endringar etter møta.

Pårørande må skjermast

Førde peikar på at avgjerda om liv og død skal styrast etter to prinsipp. Det eine er at dei pårørande må sleppe å ta den endelege avgjerda om behandlinga skal avsluttast eller ei.

– Til sjuande og sist må legen ta eit val om kva som er det beste for pasienten. Spørsmålet er: Veit vi kva pasienten vil? Pasienten sitt ønske skal stå sentralt. Ofte har ikkje helsepersonalet snakka med pasienten. Viss pasienten ikkje er i stand til å uttrykkje seg, må dei helsetilsette forhøyre seg med dei pårørande om kven pasienten var og kva dei tenkjer at pasienten ønskjer seg. I dag får somme pårørande ansvaret for avgjerda om vidare behandling. Slik skal det ikkje vere. Dei er i sorg og må møtast på ein ordentleg måte.

Den andre køyreregelen er vel så viktig.

– Ingen kan krevje behandling som ikkje er fagleg basert. Det er uetisk.

Er økonomien ein del av den etiske diskusjonen?

– Økonomien er ein av dei store verkebyllane. Dersom ei pasientgruppe vert overbehandla, blir det mindre til andre. Men det er vanskeleg å bringe inn ressursomsyn i enkeltsaker.

Førde meiner det fort kan bli dyrt dersom helsepersonalet gløymer å snakke med pasienten.

– Det vert ofte utført unødig behandling som pasienten ikkje ønskjer.

Bevisst mangfald

For at etikk-komiteane skal fungere best mogleg, har Førde vore opptatt av at medlemmene har ulike livshaldningar og erfaringar.

– Det er ei bevisst haldning. Vi ønskjer mangfald. Det er svært uheldig om komiteen blir ei “menighet” og talar med èi stemme.

Senter for medisinsk etikk har ansvaret for å etterutdanne komitemedlemmene. Førde er ansvarleg for dei fleste kursa.

– Vi lærer dei grunnleggjande juss og etikk. Vi trenar dei også i å drøfte etiske problemstillingar i fellesskap.

Førde er bekymra for at sjukehusa no må strupe økonomien så mykje at komitemedlemmene ikkje får god nok kompetanse.

Opprørande på sjukeheimar

Stipendiat Anne Dreyer på Senter for medisinsk etikk har studert kva slags avgjerder som er tatt på sjukeheimar det siste halve året før pasienten døydde. Ho har djupintervjua både legar, sjukepleiarar og pårørande.

– I sjukeheimar er det stort rom for å betre arbeidet med å lage ein god prosess rundt avsluttande behandling. Som oftast skjer avgjerda i einigheit, men det kan vere ganske opprørande når det ikkje skjer. Dei gongene sjukeheimen tar diskusjonen, er det mindre konflikt med dei pårørande, fortel Reidun Førde.

Fakta

  • I den kliniske etikkkomiteen kan helsepersonell og pårørande diskutere om sjukehuset skal stoppe eller halde fram livsforlengjande behandling.
  • I komiteane sit alt frå legeprofessorar og sjukepleiarar til prestar, juristar og sosionomar. Komitemedlemmene blir kursa av Senter for medisinsk etikk ved UiO.
Av Yngve Vogt. (Til nynorsk: Alv Reidar Dale)
Publisert 2. jan. 2012 14:48 - Sist endret 27. apr. 2015 08:42