Søknadsfrist for nytt NAFALM-kull er 25.mai

NAFALM utviklar ein ny generasjon allmennmedisinske akademikarar. Odd Martin Vallersnes, som nå jobbar i staben, gjekk på det første NAFALM-kullet.

Eg søkte opptak på NAFALM etter å ha blitt råda til å gjera det av rettleiaren min. I utgangspunktet hadde eg ikkje tenkt å søka sidan eg alt hadde fullført opplæringsprogrammet, men eg fulgte rådet. Det var eit svært godt råd. Me blei bydde på noko heilt spesielt i form av eit norsk allmennmedisinsk seniorakademia som hadde satt seg fore å utvikla den neste generasjonen. Me lærte praktisk handtverk. Me fekk del i ein allmennmedisinsk kanon. Me har blei utfordra til å reflektera over kva me held på med.

NAFALM har rusta oss til å bli allmennmedisinske akademikarar, og me har gjennom forskarskulen fått ein soliditet og forankring i det allmennmedisinske me ikkje ville hatt utan. I tillegg har me stipendiatane knytta kontaktar med kvarandre og fått eit nettverk. Me kjem til å fortsetta å ha eit årleg møtepunkt i NAFALMs alumnisamlingar.

Av Odd Martin Vallersnes
Publisert 25. apr. 2017 11:00 - Sist endret 25. apr. 2017 11:00