Suicidologiske forskningsprosjekter v/NSSF
Halvparten av innleggingane skuldast sjølvmordsrisiko
Ein ny studie utførd i samarbeid mellom NSSF og Haukeland universitetssjukehus viser at sjølvmordsrisiko er årsaka til meir ein halvparten av alle innleggingane i akuttpsykiatrien ved sjukehuset.
|
– Jo fleire gonger ein pasient har vore innlagt, desto større sjanse er det for at innlegginga er relatert til sjølvmordsrisiko, seier stipendiat og forskingssjukepleiar ved Haukeland universitetssjukehus, Liv Mellesdal. Studien byggjer på eitt års kartlegging av 1245 fortløpande innlagte pasientar ved Psykiatrisk akuttmottak (PAM) i Bergen. PAM er det mottaket som tar imot flest akuttinnleggingar per år i Noreg.
Sjølvmordstankar – Sjølvmordsrisiko var hovudgrunn eller medverkande årsak til omkring 54 prosent av alle innleggingane. Etter den første innlegginga vart eventuelle gjeninnleggingar registrert over ei periode på omkring halvanna år, seier Mellesdal. Over 60 prosent av gjeninnleggingane var relatert til sjølvmordsrisiko, noko som kan henge saman med at ei lita undergruppe hadde særleg mange slike innleggingar. |
|
Vil førebyggje sjølvmordsadferd
Studien er eit samarbeid mellom Haukeland universitetssjukehus og Nasjonalt senter for selvmordsforskning og -forebygging (NSSF) ved Universitetet i Oslo. Og resultata er nyleg publisert i det internasjonale forskingstidsskriftet Psychiatric Services.
Hensikta med studien er å få kunnskap som kan danne grunnlag for å førebyggje sjølvmordsåtferd blant pasientar som behandlast i psykiatrien, då tidlegare studie viser at ein stor del av dei som tek sitt eige liv, eller prøver å ta sitt eige liv, tidlegare har vore innlagt i psykiatrisk sjukehus. I Noreg er det om lag 500 personar som kvart år tek sitt eige liv.
Studien viser óg at pasientar med ruslidingar og personlegdomforstyrringar hadde auka risiko for gjeninnlegging, samt dei som er arbeidsledige eller mottakarar av sosiale ytingar.
Kva behandling får pasientane?
– Vi har no skaffa oss eit oversiktsbilete over personar som blir innlagt i akuttpsykiatrien og kva som kjenneteiknar dei som blir gjeninnlagt. No skal vi sjå på kva behandling desse pasientane har fått i psykiatrien. I tillegg skal vi undersøke kor mange av desse som også har blitt lagt inn på somatiske sjukehusavdelingar på grunn av at dei har skada seg sjølv, seier Lars Mehlum, leiar for Nasjonalt senter for selvmordsforskning og -forebygging.
Meir info om forskingsprosjektet finst her.
