1814
Det medisinske fakultet vert oppretta som det tredje fakultetet ved UiO.
1870-åra
Oppdelinga av dei ulike fagdisiplinane tek til, og i 1875 vert Institutt for fysiologi danna. Fagspesialiseringa aukar utover 1890-tallet. Mellom anna blir både nevrologi og øyre-nase-hals eigne fag.
1893
Marie Spångberg, seinare gift Holth, vert uteksaminert som den første kvinnelige legen i Noreg med graden cand.med.
1930-åra
Nye bygningar for matematisk-naturvitskaplege studie står klare, og fakultetet flyttar frå sentrum og inn i dei nye bygningane på Blindern.
1940
Opptaksregulering vert innførd ved fakultetet. Det fører raskt til at medisinstudiet skiljer seg ut frå dei fleste andre studia ved universitetet, som framleis er opne.
1948
Ein omfattande studieplan med klare målsettingar for medisinstudiet vert lagt fram.
1960-åra
Stor utbygging på Blindern på grunn av sterk auke i studenttala. I løpet av ein tiårsperiode blir ei rekke nye, store bygningar oppførde. Etter mange års iherdige forsøk overfor løyvande styresmakter klarar professor Bjarne Waaler (fysiologi) å få til eit første byggetrinn for Preklinisk medisin.
1966
Ernæring vert oppretta som eige fag. Ein opnar for høgare grads studie (cand.real.) i 1972. I 1982 blir dette endra til cand.scient. Omlegginga til bachelor/master skjer i 2004.
1978
Bygget for preklinisk medisin står ferdig.
1986
Senter for helseadministrasjon startar med første kull, ved det som då heitte kandidatstudiet i helseadministrasjon. Etter kvalitetsreforma i 2003 blir dette studiet til det erfaringsbaserte masterstudiet i helseadministrasjon.
1990
Fakultetet blir reorganisert i seks instituttgrupper. Det neste byggetrinnet for preklinisk blir gjennomført, og fysiologi og anatomi flyttar inn som dei siste prekliniske institutta frå sentrumsbygningane.
1995
Ernæring får plass i bygget for Preklinisk medisin. Det nye Rikshospitalet blir plassert på Gaustad, for å stimulere til meir kontakt mellom landets leiande kliniske miljø og fagmiljø innan basalmedisin. Hovudfag i sjukepleievitskap og tverrfagleg hovudfag i helsefag blir etablert.
1996
Den nye studieplanen "Oslo 96" blir innførd. Implementeringa av Oslo 96 medfører at skiljet mellom prekliniske og kliniske fag opphøyrer, sjølvstudium erstattar mykje av den organiserte undervisninga og problembasert læring (PBL) vert innførd som sentral undervisningsmetode. Frå hausten av dette året blir det mulig å avlegge graden MPhil in International Community Health.
1999/2000
Rikshospitalet flyttar inn i sine noverande bygningar i eit område som vert rekna som eit av landets viktigaste vekstområde innan medisin, bioteknologi og IKT.
2002
Det treårige bachelorstudiet i helseleiing og helseøkonomi startar opp.
2003/2004
Fakultetet går gjennom ein omorganiseringsprosess som inneber at fakultetet frå 1. januar 2004 blir delt inn i 10 einingar: 5 institutter og 5 fakultetsdivisjoner knytta til kvart av dei 5 universitetssjukehusa. Ein viktig del av omorganiseringa er at ein går fra todelt til einskapleg leiing, og at institutta/divisjonane no blir leia av ein tilsett instituttleiar/divisjonsleiar. Dei tidlegare instituttgruppestyra blir erstatta av nye instituttråd.
2005
Det internasjonale masterstudiet Health Economics, Policy and Management startar opp. Masterstudiet i psykososialt arbeid - sjølvmord, rus, vold og traume startar opp same haust.
2010
Som ein direkte følgje av samanslåinga av Rikshospitalet, Radiumhospitalet og Aker sjukehus til Oslo universitetssjukehus vert dei ti grunneiningane ved fakultetet til tre. Dei tre institutta får namna Institutt for klinisk medisin, Institutt for helse og samfunn og Institutt for medisinske basalfag.