Eksamensoppgåver som treffer blink

For at ei eksamensoppgåve skal vera god, er det ikkje nok at den er berre nøyaktig eller berre presis. Den må vera begge delar.

Tre blinkskiver
T.v.: presisjon utan nøyaktigheit. I midten: nøyaktigheit utan presisjon. T.h.: blink. Ill.: Stefan Schauber

For dei fleste er nøyaktig og presis nøyaktig det same. Til og med ordboka brukar dei to orda som definisjon på kvarandre. Men for dei som skal laga gode eksamensoppgåver, er ikkje det presist nok. Fyrsteamanuensis Stefan Schauber forklarar:

– Vi seier at ei eksamensoppgåve er nøyaktig når den på ein god måte spør etter den kunnskapen vi er ute etter å kartleggja hjå kandidaten. Den er presis når den er formulert slik at svara vi får, er like eller svært like kvarandre.

Med andre ord: ei oppgåve som berre er nøyaktig, spør om det riktige, men opnar for stor variasjon i svara. Ei oppgåve som berre er presis, gjev oss svar som er ganske like, men avdekkjer ikkje det som ein eigentleg meinte å spørja om, seier Schauber, som nyleg vart tilsett ved Helsevitskapleg utdanningssenter nettopp for å arbeida med betre eksamenar.

Opnare oppgåver gjev større tolkningsrom

Nøyaktig og presist høyrest vel og bra ut for fag som har klare og eintydige svar, men for ein lege som skal vurdera ein pasient, er det ikkje alltid gitt kva for eit svar som er det riktige. Slik kan det vera å vurdera eksamenssvar òg.

– La oss seia at grensa for stryk i eit oppgåvesett er ein score på 65. Har vi klart å gje oppgåver som sikrar at den som får 64,9 ikkje er kvalifisert, medan den som oppnår 65,1 er kvalifisert? Det er ikkje sikkert.

Schauber peikar på at di opnare oppgåva er, di større er rommet for tolkning hjå sensor, og faren for ulik vurdering av studentane.

– Sjølv i korte fritekstsvar kan faktorar spela inn som ikkje eigentleg har med svaret å gjera, noko så banalt som skrivefeil, t.d.

Stefan Schauber
Stefan Schauber begynte ved Helsevitskapleg utdanningssenter i går, etter tidlegare å ha jobba på Centre for Educational Measurement (CEMO) ved UV-fakultetet. Foto: Shane Colvin, UV

Læra av medisinstudiet

Dilemmaet med strykgrensa vert fleirdobla når alle universiteta no er pålagde å bruka gradert karakterskala og ikkje berre bestått/ikkje bestått. Schauber meiner dilemmaet er uråd å unngå, men legg til at medisinstudentar får ein ny sjanse til eksamen om dei skulle stryka.

– Samstundes skal jo eksamenane sikra at dei legane vi leverer til samfunnet, faktisk er i stand til å utføra oppgåva si. Derfor er det så bra at medisinstudentane får eksamensoppgåver i mange ulike fag, til forskjell frå andre disiplinar der ein kan vera meir eller mindre heldig med kva ein kjem opp til eksamen i.

– Her synest eg fleire har noko å læra av medisinstudiet. Det finst mange andre utdanningar som leverer viktige kandidatar til samfunnet. Kor god er t.d. eksamen for lærarstudentane? Det hadde det vore spennande å læra meir om, gjerne gjennom diskusjon og erfaringsutveksling på tvers av fagfelt, seier Schauber.

Inn i framtida

Professor Per Grøttum er ein nestor innan e-læring ved Det medisinske fakultet ved UiO, og han er svært nøgd med at fakultetet i Schauber no har fått ein førsteamanuensis innan det som heiter psykometri, fagfeltet for teori og teknikkar for måling av psykologisk fenomen – altså inkludert eksamen.

– Vi er det fyrste medisinske fakultetet med eigen psykometrikar, men det er ikkje uvanleg i utlandet. Vi er vel òg det fakultetet ved UiO som har kome lengst i psykometriske analysar av eksamenane våre og bruk av psykometri til å betra kvaliteten på eksamen.

– Stefan skal vera den som tek eksamenane våre inn i framtida.

Dette arbeidet er alt i gang. Nyleg ordna han at fakultetet vart besøkt av David B. Swanson, ein av dei internasjonale størrelsane innan fagfeltet, til eit kurs for rundt 80 lærarar.

– Kurset var svært vellukka, fortel Grøttum.

Denne saka er òg publisert på forskning.no

David Swanson
David Swanson heldt kurs for rundt 80 lærarar ved MED. Foto: Øystein Andresen/Centre for Educational Measurement
Av Torstein Helleve, nettredaktør
Publisert 4. sep. 2018 11:07 - Sist endret 21. sep. 2018 08:20