Vil ha Senter for framifrå utdanning ved MED

– Vi ynskjer å bruka gode undervisningsprestasjonar frå lærarane ved Medisinsk fakultet som eit fundament for å vidareutvikla tilbodet vårt, seier Kristin Heggen, leiar for Helsevitskapleg utdanningssenter (HUS).

Kristin Heggen
– Engasjerte studentar og lærarar er avgjerande for å heva utdanningskvaliteten, seier Kristin Heggen. Foto: UiO

For tredje gong er det høve til å søkja om status som Senter for framifrå utdanning (SFU). Med statusen fylgjer fleire millionar kroner per år til vidareutvikling av utdanning av høg kvalitet.

Men nålauget er trongt, berre åtte miljø har fått SFU-status sidan ordninga vart oppretta i 2009. Senterleiar for HUS, Kristin Heggen, har likevel trua.

– Fakultetet har lenge vore langt framme i arbeid med utdanningstilbodet, seier Heggen, og viser til døme som e-læringstilbod og Oslo2014, den store omlegginga av medisinstudiet.

Den nyaste forskinga

HUS vart oppretta i 2015, og femner fagområda medisin og helsefag, pedagogikk og informatikk. Senteret skal vera eit nav for vidareutvikling av undervisinga ved fakultetet.

– Med HUS ynskjer vi å systematisera og koordinera dette arbeidet. Enkeltforelesarar til alle tider har utvikla og betra undervisingsmetodane sine, og det må dei for all del halda fram med. Med HUS har ein i tillegg sjansen til å samarbeida med eit miljø som har kjennskap til den nyaste forskinga på området.

– I arbeidet med å stadig heva utdanningskvaliteten er det avgjerande med engasjerte lærarar og studentar, seier Heggen.

Initiativ frå studentane

Fram til nyttår leia Heggen HUS samstundes som ho var studiedekan for bachelor- og masterprogramma og hadde ei rekkje oppgåver for UiO sentralt på vegne av fakultetet. Mellom anna tok arbeidet med skikkaheitsvurderingar frå fleire fakultet mykje tid.

Ho er svært nøgd med at det nye dekanatet ved MED satsar vidare på HUS. No ser ho fram til HUS-arbeid på heiltid, der tida er delt mellom å leia senteret og driva forsking knytt til senteret sine aktivitetar. Ho trekkjer fram eit prosjekt som kom i gang på initiativ frå studentane som døme på prosjekt HUS vil jobba meir med.

– Dei ynskte å evaluera forelesingar som dei meinte kunne bli betre. Undervisingsleiar Jarle Breivik samarbeida med studentane om eit nettbasert evalueringsskjema, som studentane har ansvaret for. Den fyrste publikasjonen frå prosjektet er sendt inn til Tidsskriftet med ein student som fyrsteforfattar.

Berekraftsmål

– Breivik har òg etablert ei større prosjektgruppe tilknytta HUS. Han samarbeider no med eit verdsleiande miljø innan medisinsk utdanning ved Pennsylvania University om eit prosjekt som skal betra samarbeidskompetansen til studentane, for å førebu dei på teamarbeidet dei vil møta i arbeidskvardagen i helsesystemet.

Om søknaden vert innvilga, vil FN sine berekraftsmål vera sentrale i den nye SFUen. Helse er viktig i fleire av måla, men Heggen understrekar:

– Helse vert ikkje utvikla i helsevesenet. Helsa blant folk vert påverka av økonomiske, sosiale og politiske faktorar. Dermed må helseutdanning ta omsyn til desse faktorane. Å fremja desse perspektiva gjennom livslang fagleg og etisk utvikling ved hjelp av innovative utdanningsstrategiar og digitale teknologiar, er blant måla vi ynskjer å nå, seier Heggen.

– Vi noterte oss at rektor Svein Stølen for ikkje lenge sidan skreiv at han ikkje synest det er heilt enkelt å finna gode måtar å jobba med berekraftsmåla på. Vi meiner initiativet vårt er ein god måte.

Et ikon for hvert av bærekraftsmålene
Dei 17 berekraftsmåla til FN.

Senter for framifrå utdanning

Ordninga med senter for framifrå utdanning er ei prestisjeordning som vart oppretta i 2010.

SFU-status vert tildelt for fem år om gongen, med muligheit for forlenging i ytterelegare fem år.

Søkjarane må dokumentera framifrå kvalitet og innovativ praksis i utdanninga, og ha gode planar for vidareutvikling og innovasjon Ordninga vart tidlegare administrert av NOKUT, men frå 2019 har DIKU overteke ansvaret.

Søknadsfristen for årets utlysing er 29. april

Les meir om SFU hjå DIKU

Av Torstein Helleve, nettredaktør MED
Publisert 27. feb. 2019 13:29 - Sist endra 22. jan. 2021 17:45