Bente Egge Søvde

Helsevesenet internasjonalt står overfor utfordringar med å yte omsorg til ei aldrande befolkning, der målet er at flest muleg skal bu heime lengst muleg. Eldre menneske er ei svært heterogen gruppe med varierande helse- og funksjonsnivå. Eldre med store og samansette behov er assosiert med auka risiko for sjukdom, skrøpelegheit og auka bruk av ressursar i helsevesenet.

Foto: privat

Bakgrunn

Skrøpelegheit er i aukande grad brukt til å beskrive helsetilstanden til menneske som er sårbare og får store helseutfordringar seint i livet, og det et nytta ulike screening verktøy for å identifisere skrøpelege eldre. Det viser seg at det har vore gjort lite forsking på korleis dei eldre erfarer å leve med ein skrøpeleg kropp. Skilnadane på den kliniske forståinga av skrøpelighet og eldre si oppleving av å vere skrøpeleg har viktige implikasjonar for eldre menneske sitt velvære og mulegheit til å kunne bu heime lengst muleg.

Om prosjektet

Prosjektet er kvalitativt, og har ei fenomenologisk-hermeneutisk tilnærming. Det  vert gjennomført individuelle semi-strukturerte livsverdsintervju med eldre personar som lever med skrøpelighet og deira nære pårørande.  

Prosjektets mål

  • Målet med studien er å skildre dei levde erfaringane til eldre heimebuande personar som lever med skrøpelighet og deira nære pårørande.
  • Dei eldre sitt perspektiv vil vere nyttig for å individualisere omsorg til heimebuande eldre som lever med skrøpelighet
  • Både dei eldre og pårørande sine erfaringar kan bidra med kunnskap som kan rettleie helsepersonell i arbeidet med skrøpelege eldre og deira pårørande

Prosjektets tittel

Korleis kan helsetenesta best ivareta og legge til rette for eldre med store og samansette behov ?

Av Bente Egge Søvde
Publisert 21. sep. 2018 00:00 - Sist endret 28. okt. 2020 11:27