Vitnemålsseremoni ved Avdeling for sjukepleievitskap

Avdeling for Sjukepleievitskap uteksaminerte 12 kandidatar våren 2020 og 20. oktober var det duka for vitnemålsseremoni i Frederiks Hosts Hus. Her presenterte masterkandidatane prosjekta sine og pris for beste masteroppgåve vart utdelt.

Fem kandidatar - to kvinner (t.v), ein mann (midten), to kvinner (t.h) - står på ei scene med vitnemålet i handa.

Ikkje alle 12 masterkandidatane hadde høve til å vera til stades på vitnemålsseremonien for Master i sjukepleievitskap og Master i avansert geriatrisk sjukepleie. F.v. Thea Thorshov, Carla Arredondo, Sigurd Maurud, Silje Nyborg og Caroline Kreppen Overen.

I sin tale til masterkandidatane, gav programleiar Randi Opheim velfortent skryt for å ha fullført studiet, trass det særs høge arbeidspresset dei sto i som sjukepleiarar i perioden frå mars og fram til innleveringsfristen.

Kor syng på scena. Pianist spelar i forgrunnen av bilde.
Damekoret Evas epler stod for underhaldninga under seremonien.

Avdelingsleiar, Ragnhild Hellesø, ynskte kandidatane lukka til i arbeidet som sjukepleiarar, med nytt avansert «verkty». Ho framheva kandidatane si rolle som svært viktig og samfunnsnyttig.

Presentasjon av masteroppgåver

Masterkandidat i sjukepleievitskap, Sigurd Maurud la fram sitt masterprosjekt som omhandla kva rolle kjønn og etnisitet spelar i sjukepleiestudentar si motivasjon i utdanning og karriere. I si forsking fann han at menn orienterer seg mot mannstradisjonelle stillingar, også innanfor kvinnetradisjonelle yrker som sjukepleie. Vidare fann han at sjukepleiarar med innvandrarbakgrunn truleg opplever avgrensa tilgang til stillingar dei opphavleg har hatt ambisjonar om å få.

Masterkandidat i sjukepleievitenskap, Thea Thorshov la fram sitt høgaktuelle prosjekt om e-konsultasjon. E-konsultasjon kom som eit ynskje frå brukarar, og i sitt prosjekt ville Thea finne ut kva erfaringar og tankar helsepersonell har om denne forma. Resultata frå studien viser at helsepersonell er opptekne av i kva grad e-konsultasjon sikrar forsvarleg helsehjelp, at seleksjon av pasientar er nødvendig for at tilbodet skal vera faglig forsvarleg, og at ein omorganisering er viktig for at bruk av e-konsultasjon skal vera vellukka.

Masterkandidat i Avansert geriatrisk sjukepleie (AGS), Caroline Kreppen Overen er av Medisinsk Fakultet nominert til Bærekraftsprisen 2020 for masteroppgåveprosjektet sitt. I sitt framlegg av masteroppgåveprosjektet viste ho kva rolle ein Avansert geriatrisk sjukepleiar kan spele i implementering. Korleis ein AGSar som klinikar, ressursperson og leiar kan lukkast i å gå frå kunnskap til handling.

Årets masteroppgåvepris

Sigurd Maurud viser pris for beste masteropppgåve,
Prisvinnar Sigurd Maurud med sine to rettleiarar Anne Moen (t.v.) og Elin Børøsund (t.h.).Marion Skallerud Norberg var ikkje til stades.

Det var mange sterke kandidatar til årets masteroppgåveprosjekt som alle heldt eit generelt høgt nivå.

Prisane gjekk til Sigurd Maurud (masterkandidat i sjukepleievitenskap) og Marion Skallerud Nordberg (masterkandidat i AGS).

Komiteen grunngav utdelinga slik:

Sigurd Maurud for masteroppgaven      

Kjønn og etnisitets innvirkning på sykepleierstudenters utdanningsmotivasjon og karriereforventninger.

«(…) I oppgaven undersøker studenten betydningen kjønn og etnisitet har for sykepleierstudenters utdanningsmotivasjon og karriereforventninger. Problemstillingens originalitet og bruk av data fra en stor database (StudData) gir en oppgave som holder et høyt faglig nivå og viser stor analytisk styrke og selvstendighet.»

Marion Skallerud Nordberg for masteroppgaven

Bruk av Comprehensive Geriatric Assessment til skrøpelige eldre i sykehus, - et tilbud for alle eldre på tvers av behandlende enheter? 

«(….) oppgaven bidrar med undersøkelse av ulike modeller for å gjennomføre en bred geriatrisk vurdering (CGA). Studentens tematisering av bruk av denne komplekse vurderingsformen for geriatriske pasienter utenfor geriatriske enheter i sykehus er et aktuelt og viktig tema.»

 

 

Av Birthe Neset
Publisert 23. okt. 2020 12:53