Lærdom frå Covid-19-kommunikasjonen

Kommunikasjonsråd som har blitt gjevne under Covid-19-pandemien kan også vere nyttige for dei som kommuniserer om sjølvmord og psykisk helse, meiner Jane Pearson, spesialrådgjevar ved National Institute of Mental Health i USA.

Bildet kan inneholde: øyenbryn, lilla, lys, øyevipper, visjon omsorg.

Viss ein set søkelyset på folk som stimlar saman på restaurantar og strender utan å følgje avstandsreglar, kan slik åtferd verke vanlegare enn det er. Denne typen kommunikasjon bør unngåast, ifølgje nettverket Societal Experts Action Network (SEAN).

I juli 2020 ga USAs Societal Experts Action Network (SEAN) ut ein rapport der dei mellom anna utforska ti kommunikasjonsstrategiar for Covid-19. Fleire av desse kan også vere nyttige for dei som kommuniserer om sjølvmordstematikk, meiner Jane Pearson, spesialrådgjevar innan sjølvmordsforsking ved National Institute of Mental Health i USA.

Dei råda ho meiner er nyttige, er følgjande:

1. Unngå unødig merksemd om hyppigheita av sosialt uønska åtferd

SEANs grunngjeving: Folk endrar ofte åtferd og haldningar i retning av det som blir sett på som sosiale normer. Viss ein til dømes set søkelyset på folk som stimlar saman på restauranter og strender utan å følgje avstandsreglar, kan det få slik åtferd til å verke vanlegare enn det er. Denne typen kommunikasjon kan forsterke problemet.

Relevans for sjølvmord og psykisk helse: – Vi ønskjer å gjere folk merksame på sjølvmordstankar og -åtferd som eit samfunnsproblem, men vi ønskjer IKKJE å seie at det er så hyppig at det er normativt. Vi ønskjer å vise respekt overfor, og hjelpe, dei som har slike problem, men vi vil ikkje at dei skal lide. Vi må vektlegge støtte og vise fram korleis dei kan få det betre, meiner Pearson.

2. Bruk bodbringarar som har tillit hos målgruppa

SEANs grunngjeving: Er avsendaren truverdig, blir også bodskapen meir overtydande. Å bruke stemmer som folk stolar på, har vist seg å gjere folkehelsemeldingar meir effektive når det gjeld å endre åtferd under pandemiar. Eit eksempel er den vest-afrikanske ebola-epidemien: Her fortalde religiøse leiarar på tvers av trusretningane i Sierra Leone om praksisar som handvask og trygge gravferder. Engasjementet frå trussamfunn vart sett på som eit vendepunkt i responsen på epidemien (Greyling m.fl., 2016).

Relevans for sjølvmord og psykisk helse: – For nokon, for eksempel foreldre til unge med sjølvmordstankar, kan legar og andre spesialistar i helsesektoren vere ein truverdig avsendar av ein bodskap. Men for andre, spesielt dei som har traumatiske erfaringar frå innleggingar, kan ein bodskap frå helsepersonell bli ein triggar. Ein betre avsendar vil da vere ein person som sjølv har erfaring med sjølvmordstankar og som har funne alternative måtar å få hjelp på, meiner Pearson.

3. Skreddersy innramminga av bodskapet til målgruppa, og vurder å kople førebyggjande åtferd til folk sine identitetar

SEANs grunngjeving: Skal risikokommunikasjon vere effektiv, må han reflektere ei forståing av målgruppa, mellom anna kva som motiverer dei, kva dei forstår og kvar dei hentar informasjon. Data frå spørjeundersøkingar er ei kjelde til informasjon om dei ulike målgruppene. Når det er førebyggjande åtferd som blir kommunisert, vil folk ha lettare for å godta åtferdsendring viss åtferda reflekterer deira eigen identitet eller stemmer overeins med verdiane deira.    

Relevans for sjølvmord og psykisk helse: – Mange kan oppleve ulike alders- eller gruppespesifikke utfordringar. Her kan det vere aktuelt å lage bodskapar som stemmer overeins med subgruppe-identitetar, noko som har blitt gjort blant militærveteranar i USA (#Be There-kampanjen, som oppmoda folk til å vere der for veteranar, red.anm.). «It gets better»-kampanjen, retta mot LHBTQ+-ungdommar verda over, er eit anna eksempel. Det å skreddersy ein bodskap og å koble han til identitetar krev ei kulturell audmjukheit og ein innsats for å lære meir om dei utfordringane målgruppa står overfor, seier Pearson.  

Kjelder:

Brossard, Dominique m.fl: «Encouraging Adoption of Protective Behaviors to Mitigate the Spread of COVID-19: Strategies for Behavior Change» (2020)

Greyling, Christo m.fl: «Lessons from the faith-driven response to the West Africa Ebola Pandemic» (2016)

 

Av Silje Pileberg
Publisert 9. feb. 2021 11:03 - Sist endret 11. feb. 2021 14:35