Profil: Professor Janna Saarela, nyutnemnd direktør, NCMM

Professor Janna Saarela kom til NCMM som direktør i januar 2019. Ho har tidlegare vore leiar av teknologisenteret og assisterande direktør for Institutt for molekylærmedisin i Finland (FIMM), det finske søstersenteret til NCMM og del av det nordiske EMBL partnarskapet for molekylærmedisin. Her delar ho litt innsikt i forskinga si, og kva ho håpar framtida fører med seg for NCMM. 

Kan du beskrive forskinga di med nokre få ord?

Målet med forskinga mi er å forbetre forståinga vår av sjukdomspatogenesen og mekanismar

Prof Janna Saarela
Professor Janna Saarela. Foto: Kirsi Tuura, Helsinki Universitet

for humane immunforstyrringar. Eg jobbar også for å lære meir om normale immunfunksjonar og reguleringa deira, noko som kan føretil betre diagnostisering og behandling for pasientar som lir av autoimmune sjukdomar.

Kva har vore høgdepunktet i karrieren di til no?

Det er vanskeleg å velje berre eit høgdepunkt, men kvar identifisering av eit nytt autoimmunt gen, og forståinga av funksjonen til genfeilen og å lære meir om korleis immunsystemet fungerer, er definitivt eit høgdepunkt. Og det er endå betre om du samstundes kan definere ein diagnose til ein pasient og i beste fall bidra til å identifisere ei effektiv behandling for dei.

Kva ønskjer du å oppnå som direktør for NCMM, og kva er visjonen din for senteret?

Eg håpar å styrke høvet for samarbeid med sjukehus og andre lokale interessentar i Oslo og Noreg. Eg håpar også å utvikle og fremje NCMM mot å bli ein stor aktør på feltet som heiter molekylærmedisin, og også byggje opp under senterprofilen til å bli eit senter som har eit omsetjande tankesett og ein lagretta arbeidskultur.

Det er spanande for NCMM å ha ein direktør som har kome frå eit anna nordisk EMBL-knutepunkt. Ser du for deg at FIMM og NCMM arbeider tettare saman i framtida?

Ja, verkeleg. Eg trur det er fleire gode høve der vi kan jobbe tettare saman og samarbeide i framtida, særleg når det gjeld presisjonsmedisin og systemmedisin, i tillegg til i genetikk.

Korleis planlegg du å samarbeide med dei andre nordiske EMBL-partnarskapdirektørane, både når det gjeld NCMM og i høve til det breiare nordiske EMBL-partnarskapet?

I november 2018 var alle dei nordiske EMBL-partnarskapdirektørane samla i Heidelberg, og vi hadde nokre store og små konkrete diskusjonar om måtar vi kunne auke samarbeidet mellom nodar og med EMBL. Eg håpar vi vil kunne jobbe tettare saman i framtida.

Har du nokre planar for korleis vi kan oppmode til fleire forskingssamarbeid og forskarbesøk mellom nodar?

Då vi møttest, diskuterte vi moglege eksterne høve for finansiering for betre å leggje til rette for felles prosjekt og tilsetje felles postdoktorar og doktorgrads-studentar på tvers av nodane.

Kva betyr partnarskapen med EMBL for deg, og korleis trur du NCMM kan ha nytte av denne lenkja?

Partnarskapen og koplingane med EMBL gjer NCMM meir synleg internasjonalt, noko som kan utvidast på nasjonalt nivå for å vere til nytte for andre norske universitet. EMBL-modellen for rekruttering av unge gruppeleiarar, som er basert på vitskapleg ekspertise, gjer det mogleg for NCMM å tiltrekkje seg internasjonalt talent som får oppstartpakkar når dei kjem til senteret. Dette gjev dei endå større høve til å utvikle seg som gruppeleiarar og forskarar og til å integrere dei i det omliggande forskarmiljøet. Dette gjev dei moglege karrieremoglegheiter i framtida, samstundes som dei gjev akademisk styrke til nasjonal forsking og samfunnet.

Kva gler du deg mest til med å bu i Noreg?

Eg er ein ekte natur- og friluftselskar, så eg ser verkeleg fram til møtet med den fantastiske norske naturen og til å utforske nokre av alpinanlegga i Noreg.

Publisert 25. feb. 2019 11:09 - Sist endret 25. feb. 2019 11:09