Velkomen til: Marieke Kuijjer, gruppeleiar for system-medisin (Systems Medicine)

Dr. Marieke Kuijjer byrja som gruppeleiar for system-medisin ved NCMM i oktober 2018. Her gir ho oss eit innblikk i karrieren så langt, og seier noko om forventingar til og planar for den nye forskningsgruppa si ved NCMM.

Foto av Marieke Kuijjer

Dr Marieke Kuijjer. Photo: Harvard University

Korleis vart du interessert i forsking?

Eg har alltid hatt glede av å løyse problem, og etter vidaregåande skule studerte eg matematikk. Eg fann raskt ut at det var mykje meir gjevande å løyse problem som faktisk kunne vere til nytte for andre, enn å løyse dei teoretiske oppgåvene som det finst så mange av i matematikk.

Biologi har alltid fasinert meg, og dette vart etterkvart fokuset mitt. Biologien er samansett og endrar seg heile tida. Det er ei heilt ny verd, nesten som ei fantasiverd, men er likevel verkeleg. Når éin ting er lært, finst det alltid mykje meir eg kan lære, og eg set stor pris på at det er akkurat slik.

Kan du kort beskrive forskinga di? 

Forskinga mi har fokus på å utvikle verktøy som kan vise korleis genar blir regulerte av andre faktorar i cella, i såkalla regulatoriske nettverk (gene regulatory networks). Eg jobbar med å utvikle metodar som skal integrere desse nettverka med andre datatypar, som kreftmutasjonar.

Vi integrerer kreft "omics" data til biologiske nettverk ved hjelp av berekningsverktøy for deretter å utføre comparative analysar for å undersøkje korleis forstyrring i desse nettverka kan resultere i kreft.

Eg har erfaring frå kreftbiologi, og er spesielt interessert i å bruke verktøya eg utviklar på kreftdatasett i stor skala, for slik betre å forstå kva som utviklar kreft. Målet er å identifisere nye behandlingsmetodar. Det endelege målet er å finne nye moglegheiter for å behandle undertypar av kreft, eller hjelpe til med å finne løysingar for pasientar som kanskje ikkje responderer så godt på rådande behandling.

Korleis ser du for deg at gruppa kjem til å utvikle seg det neste året? Kven vil du rekruttere?

Eg vil helst ha eit team der dei tilsette har ulik vitskapleg bakgrunn. Målet er å rekruttere ein kandidat med databakgrunn og ein med bakgrunn i biologi, og eg startar opp med å rekruttere ein doktorgradsstudent og ein postdoktor.

I byrjinga av 2019 får vi ein postdoktor frå Leiden University Medical Centre inn i gruppa, som eg er med-rettleiar for. Eg håpar også at eg finn fram til studentar på både masternivå og lavare nivå som er interesserte i å jobbe med prosjekt i berekningsorientert biologi (Computational Biology)

Eg vil i første rekkje organisere laboratoriet som eit tørrlaboratorium (likt Mathelier-gruppa ved NCMM), men i framtida kan det vere eg vil jobbe med valideringar i samarbeid med andre grupper, og kanskje jobbe i våtlaboratorium. Helst vil eg utvikle eit samarbeid med andre forskarar i Oslo, for eksempel med Institutt for kreftforskning ved Oslo Universitetssjukehus (OUS). Då eg var doktorand, samarbeidde eg med forskarar frå OUS, og det hadde vore spennande å kunne samarbeide med dei på nytt.

Kan du fortelje oss litt om kva du jobba med før du byrja ved NCMM?

Før eg kom til NCMM, var eg senior postdoktor ved Dana-Farber Cancer Institute og Harvard Chan School of Public Health, i Boston. Som postdoktor utvikla eg fleire metodar for å analysere og integrere “omics”-data. Eg utvikla eit verktøy for å vise korleis miRNA regulerer genekspresjon. Verktøyet samlar tumorprøver basert på mutasjonane, ein metode som kan forme genreguleringar for enkelte pasientar. Eg brukte desse metodane på store datasett, også med data frå cellelinjer, friske personar og kreftpasientar.

Før dette var eg doktorand i beinpatologigruppa ved Leiden University Medical Centre. Eg studerte genomikk i beinkreft og analyserte og integrerte forskjellige “omics”-datatypar.

Kva er det største som har skjedd i karrieren din så langt?

Det må vere den første publikasjonen min! Eg hadde akkurat byrja på laboratoriet ved Leiden University som doktorgradsstudent, og analyserte data frå ein stor europeisk kohort. Eg fann signal frå gener tilknytte immunsystemet som hadde samband med metastasefri overleving i osteosarkom. Det interessante ved funnet var at delar av dette datasettet hadde vore analysert tidlegare, men immunsystemgena blei fjerna ved filtrering fordi ein meinte dei ikkje kunne vere kreftdrivande.

Fordi eg var student, og nyleg hadde byrja på laboratoriet, hadde eg høve til å studere datasettet på nytt. Eg fann ut at immunsystemgen (spesielt genekspresjon gjennom makrofagar) var viktige for å beskytte mot metastase i osteosarkom. Då eg la fram resultatet på ein konferanse, tok ei gruppe som hadde fleire like forskingsfunn kontakt med meg, og vi slo oss saman og skreiv ein artikkel som vart publisert i tidsskriftet Clinical Cancer Research (https://www.ncbi.nlm.nih.gov/pubmed/21372215

Korleis ønskjer du at ditt arbeid skal verke inn på dette forskingsfeltet?

For nokre krefttypar har ein funne spesifikke mål for behandling. Men for ein stor del av kreftpasientane hjelper det dessverre ikkje å forstå tumoren sine endringar i genomet for å finne fram til nye behandlingsalternativ. På same vis reagerer nokre pasientar først positivt på målretta behandling, men får tilbakefall fordi dei utviklar resistens.

Eg håpar at vi gjennom å integrere fleire “omics”-datatypar, via systemtilnærming, betre kan forstå kva som utviklar kreft. Funn av bestemte endringar som kan behandlast, vil kunne gje oss svar på kvifor nokre pasientar får tilbakefall og andre ikkje. Vidare vil eg gjerne forstå meir av korleis dei generelle mekanismane for gen- og proteinekspresjonar blir regulerte, slik at eg kan integrere fleire datatypar i metodar som eg utviklar.

Kva gler du deg mest til med å bu i Noreg?

Eg gler meg til å kunne puste inn den friske og reine norske lufta! Eg likar å bu i byen, men likar ikkje smog og varm, fuktig luft. Difor er det fantastisk å bu i Oslo der eg har tilgang til grøne lunger overalt.

Både kulturen og delar av velferdssystemet er heilt fantastisk. Eg stiller meg bak det norske levesettet. Det er fint å leve i eit land som har dei same verdiane som eg sjølv likar å leve etter. Og eg gler meg veldig til å sjå nordlyset!

Publisert 19. okt. 2018 14:17 - Sist endret 19. okt. 2018 14:39