Kvifor er ungdomstida prega av sjukdom for enkelte, men mestring for andre?

Stipendiat Rikka Kjelkenes

Bilde av Rikka Kjelkenes

Rikka Kjelkenes. Foto: Privat

I ungdomstida skjer det mange forandringar i både kroppen og hjernen. Dei fleste av oss kjem styrka ut av utfordringane og opplevingane i ungdomstida, men slik er det ikkje for alle. For nokon er ungdomstida prega av framveksten av psykiske lidingar. Så mange som 50% av dei med psykiske lidingar opplev symptom før dei fyller 14 år og 75% før 24 år [2].

Hjernen i ungdomstida

Vi veit foreløpig lite om årsakene til at nokon menneske utviklar psykiske symptoma og sjukdom, medan andre ikkje gjer det. Nyare forsking tydar på at psykiske lidingar kan knytast til hjernens utvikling heilt frå barne- og ungdomsåra [1]. Den tidlege alderen der symptoma oppstår, framhevar at barndommen og ungdomstida burde være eit primært målområde når man leiter etter mekanismar som bidreg til utviklinga av mentale lidingar.

Ved hjelp av hjerneavbilding kan vi undersøke korleis hjernen er bygd opp og fungerer. Hittil har dei fleste hjerneavbildingstudier av psykiske lidingar blitt gjort på vaksne med kronisk sjukdom. Vi veit derfor ikkje mykje om korleis hjernen utviklar seg i barndommen og ungdomstida, som gjer at vi ikkje endå veit korleis dette er knyta til sjukdom seinare i livet. Før vi kan få ein forståing av kva avvik i utviklinga som er bidragsytarar til mentale plager, treng vi ein betre forståing av kva som er normal utvikling.

Bruken av modellering for å avdekke avvik frå normal utvikling

Ein av metodane som vi brukar for å kartlegge kva som forgår i hjernen under ungdomsstida er såkalt normativ modellering. Normativ modellering er eit statistisk verktøy som kan brukast for å kartlegge kva slags verdiar som er innafor normal variasjon. Verdiane her kan for eksempel være tjukkelsen på ulike delar av hjernen, men det kan også brukast til meir indirekte mål på korleis hjernen fungerer, slik som lesehastighet eller hukommelse. Når man har laget ein slik modell, kan man då sjå korleis kvart individ gjer det i forhold til kva som er forventa for deira aldersgruppe, og på denne måten kan man avdekke eventuelle avvik [3].

Mitt doktorgradsprosjekt

Eg er ein del av MoBaBRAIN studien ved NORMENT. Her samlar vi inn store mengder av data, inkludert hjerneavbilding, EEG, blodprøver og spørjeundersøkingar frå ein stor del norske ungdomar. I mitt doktorgradsprosjekt prøver vi å bruke normativ modellering på ulike typar data for å bidra til ein auke i forståinga av utviklinga som skjer i ungdomstida. Dette består av både å finne nye måtar for å kartlegge kva som er normal variasjon, og å finne måtar for å avdekke kven som har ein høgare risiko for å utvikle mentale lidingar seinare i livet. Håpet er at målretta tiltak tidleg hos individ med økt risiko kan stoppe den vidare utviklinga av dei psykiske plagane, slik at dei for eksempel slipp å oppleve ein psykose.

Referanser

  1. Insel T. R. (2010). Rethinking schizophreniaNature468(7321), 187–193.
  2. Kessler, R. C. et al. (2007). Age of onset of mental disorders: a review of recent literatureCurrent opinion in psychiatry20(4), 359–364.
  3. Marquand, A.F., et al(2019). Conceptualizing mental disorders as deviations from normative functioningMol Psychiatry 24, 1415–1424 .

Kontakt

Publisert 30. sep. 2021 14:07 - Sist endret 12. okt. 2021 10:08