FNs bærekraftsmål: Pris til masteroppgåve i samfunnsmedisin

Salma A. Eljailani Ahmed er ein av tre vinnarar av beste bærekraftsmasteroppgåve ved UiO i 2018.

Salma A. Eljailani Ahmed. Foto: UiO

Salma A. Eljailani Ahmed, tidligare masterstudent ved International Community Health har skreve ei framifrå oppgåve om levevilkåra til kvinner i Sudan, «I feel myself incomplete, and I am inferior to people». Ho har intervjua kvinner i Sudan med diagnosen «Obsetric Fistuala» kvalitativt om deira fysiske, psykiske, økonomiske og sosiale utfordringar, knytt til diagnosen.

«Obsetric Fistula» er skadar i underlivet som medfører unormal forbindelse mellom to holorgan. Om lag 50-100.000 kvinner får slike skadar kvart år, og ein antek at rundt 2 millionar kvinner i dag har lidinga.

Bærekraftsmåla i Ahmeds oppgåve

Ahmeds oppgåve refererer til bærekraftsmåla om å utrydde fattigdom (1), god helse (3), god utdanning (4) og likestilling mellom kjønna (5). Ho viser til eit prekært behov for preventive tiltak for å unngå «Obstetric Fistula», samt eit stort behov for kirurgiske inngrep for å reparere skadane som kvinnene allereie er påført. Oppgåva har såleis stor overføringsverdi for millionar av menneske og samfunna dei lever i.

Fyrste prisutdeling 

Det er fyrste gong UiO gjev ut prisar for beste masteroppgåver knytte til dei 13 måla for bærekraft frå FN. Føremålet med prisen er å inspirera til originalitet og kvalitet i masterprosjekt som bidreg til kunnskap om og innsikt i bærekraftig utvikling.

Juryen besto av prorektor Gro Bjørnerud Mo, viserektor Åse Gornitzka og professor Dan Banik. Prisjuryen har lagt vekt på korleis mastergradsoppgåvene synleggjer og bidreg til kunnskap om korleis oppnå bærekraftsmåla, samt originaliteten, dei teoretiske og analytiske kvalitetane og overføringsverdien til oppgåvene.

Medisinsk fakultet fremja to kandidatar. Totalt vart det fremja tolv kandidatar. Dei andre prisvinnarane var Lise Bjerke frå Senter for utvikling og miljø med "targeting food insecurity of "Indians on the move": Access to food security entitlements among internal migrants in Bangalore" og Erling Fjeldaas frå Det juridiske fakultet med oppgåva: "Regulering av lysforurensing i norsk rett".

 

Av Silje M. Kile Rosseland
Publisert 21. aug. 2018 15:02 - Sist endra 28. aug. 2018 13:29