English version of this page

Informasjon til bachelor og masterstudentar

Informasjonsbrev sendt på e-post til alle bachelor- og masterstudentar ved fakultetet 3. april.

Studiedekan Eivind Engebretsen.
Studiedekan Eivind Engebretsen. Foto: Øystein Horgmo.

Kjære bachelor- og masterstudentar ved Det medisinske fakultet,

Plutseleg står påska for tur og de får ei velfortent pause frå undervisning og eksamen. Årets påskeferie blir nok litt annleis frå tidlegare år for mange av oss, og kanskje ikkje heilt som planlagd. Uansett korleis påska blir for deg, håpar eg at du tek deg tid til å slappe av og lade batteria etter vinteren.

Frå fakultetet si side har vi den siste veka hatt stort fokus på studentane si mentale helse og korleis de har det no når studentlivet er snudd heilt på hovudet. Godt samarbeid med dykkar studentrepresentantar har gjort at denne saka blitt løfta opp og er noko vi tek på det største alvor. Dette er ei rar tid for oss alle, men for enkelte kan det vere ekstra utfordrande å vere isolert frå andre, langt vekke frå familien, eller bekymra for verdsbilete vi ser no. Då er det viktig å hugse at vi står saman om dette og at vi alle tek godt vare på kvarandre. Eg håpar at de har funne gode måtar å ha kontakt med medstudentar på, måtte det vere kollokviegrupper på zoom, ei digital kaffipause eller quiz på nett.  

I samarbeid med institutta og fagmiljøa, driv vi no og planlegg arrangement med tips og hjelp til korleis takle ein slik unntakstilstand og korleis skape ein best mogleg studentkvardag, opp i alt dette. Meir informasjon om dette kjem frå programma etter påske. Sjølv om det er mykje støtte i god kontakt med vener, kan det vere at nokon av dykk kjenner på eit behov for ekstra støtte framover. Då vil eg gjerne minne om at SiO no tilbyr mange av sine tenester digitalt, som rådgjeving, helsesøster og psykolog.

I Universitas ga psykologar også gode råd til studentar i Corona-tida.

Etter påske ventar siste del av vårsemesteret og vi på fakultetet gler oss allereie til å drive med meir studentretta arbeid. Men heller ikkje etter påske vil vi samlast på universitetet som normalt, då Universitetet i Oslo har bestemt at undervisninga resten av semesteret vil vere digital. Dersom de har sakna tilgangen på all den gode faglitteraturen hjå vårt flotte universitetsbibliotek, kan de no få tilgang til stoff frå Elsevier digitalt heimanfrå.

Til slutt vil eg ønskje dykk alle ein strålande ferie og velkomen tilbake til den digitale fortsettinga på dette vårsemesteret. 

 

Beste hilsen

Eivind Engebretsen, Visedekan for postdoktor- og masterprogrammer

Av Eivind Engebretsen
Publisert 3. apr. 2020 13:00 - Sist endra 7. apr. 2020 08:44