Slik lagar du gode eksamensoppgåver

Ha klart for deg kva det er studenten skal visa at ho kan, og ta utgangspunkt i verkelege situasjonar.

Skjermdump av oppgåvetekst

Døme på fleirvalsoppgåve. Skjermdump av nasjonal fagprøve.

Det er vanlegare i utlandet, men her til lands er Medisinsk fakultet ved Universitetet i Oslo det einaste som har ein såkalla psykometrikar som arbeider med å gjera eksamensoppgåvene stadig betre. For kort tid sidan forklarte fyrsteamanuensis Stefan Schauber ved Helsevitskapleg utdanningssenter (HUS) lesarane våre forskjellen på presise og nøyaktige oppgåver, men korleis går ein fram for å laga dei gode oppgåvene?

– Det grunnleggjande med ein medisinsk eksamen er å dokumentera at studenten kan det som vi vil at ho eller han skal kunna når dei skal ut i samfunnet, seier Schauber.

Dei fleste av oss kjenner avgangseksamen i norsk frå vidaregåande skule, der eleven skal skriva ei lengre oppgåve om eit avgrensa tema innan det ein har lært. Det passar ikkje for medisinutdanninga.

Kombinera oppgåvetypar

– Medisinarstudentane må dokumentera breidda i kompetansen sin. Dermed må eksamen bestå av ei rekkje mindre oppgåver. Det gjev eit heilskapsbilete av kva studenten har lært.

– Eksamen skal òg visa at dei uteksaminerte kan bruka kompetansen sin i praksis. I forelesingssituasjonen brukar ein faguttrykk som synkope,  men pasienten hjå allmennlegen vil fortelja at han har svima av. Då er det det siste uttrykket ein bør bruka i eksamensoppgåva.

Schauber tilrår at ein eksamen varierer mellom oppgåvetypar, og kombinerer fleirvalsoppgåver med fritekstoppgåver, gjerne av ulik lengd. Han viser fram eit døme på ei god oppgåve: eit bilete av eit utslett som skal beskrivast i ein journal.

Riktig journalføring

– Kandidaten får då vist både at ho kan stilla riktig diagnose, og at ho kan kommunisera den til andre i ein journal. Sjølv ville eg ha stått i fare for å skriva ein halv roman som svar, men riktig journalføring er stikkord eller telegrafform.

Fleirvalsoppgåver har eit litt rufsete rykte som Schauber meiner er ufortent og unyansert.

– Nasjonale delprøver i medisin inneheld berre fleirvalsoppgåver, og alle oppgåvene har fire svar, verken meir eller mindre. Eg kan vera enig i at det vert for lite fleksibelt. Men generelt meiner eg det bør vera den som lagar oppgåvene som sjølv må vurdera kva oppgåvetype som passar best til det ein vil ha svar på.

Sensorrettleiing

– La oss seia at vi har ei oppgåve om ei undersøking på eit akuttmottak. Nokre vil meina at det bør vera ei open oppgåve fordi ein pasient er noko anna enn eit lysark frå forelesingssalen, medan andre vil hevda at ein som lege har ei sjekkliste i hovudet når ein gjer ei undersøking, slik at det er heilt kurant med ei fleirvalsoppgåve. Det er ikkje nødvendigvis noko fasitsvar på kva oppgåvetype som vil fungera best her.

Til alle eksamenar vert det laga rettleiingar til eksterne sensorar, og Schauber understrekar kor viktig det er at dei inngår i evalueringa i etterkant.

– Er det sensorrettleiinga som må forbetrast dersom to sensorar gjev svært ulike vurderingar av ei oppgåve? Og sjølv om sensorane er enige: stemmer vurderinga deira overeins med det vedkomande som laga oppgåva hadde tenkt seg?

I medisinutdanninga startar ein med dei medisinske basalfaga før ein går vidare med kliniske fag. Etter kvart som studentane kjem lenger i studiet, omfattar eksamenane alt det ein har lært tidlegare, ettersom basalfaga vert tekne i bruk i dei kliniske vurderingane.

Stefan Schauber
– Prinsippa for medisinsk eksamen vil ofte la seg overføra til andre fagområde, meiner Stefan Schauber. Foto: Shane Colvin, UV

Prinsippa kan overførast

Slik sett skiljer seg medisinstudiet frå ein del andre studier, der ein kan gjera seg ferdig med eitt og eitt tema og ta eksamen i det, før ein går vidare til eit anna tema der eksamen i liten grad har samband med førre tema. Schauber meiner likevel at dei viktigaste prinsippa for ein medisinsk eksamen ofte vil la seg overføra til andre fagområde og nivå, inkludert grunnskule og vidaregåande skule:

  1. Ha klart for seg kva det er studenten skal ha lært
  2. La eksamen femna breidda i det studenten skal ha lært
  3. Ta utgangspunkt i verkelege situasjonar der det er mogleg

Sjølv om Schauber arbeider med å forbetra dei, understrekar han at han meiner norske medisinske eksamenar har høg kvalitet, og at dei stadig vert endå litt betre. Spørsmålet vert då kva han sjølv skal finna på dersom eksamenane vert så gode at det ikkje er meir rom for forbetring.

Denne saka er òg publisert på forskning.no

Saken ble først publisert på nettsidene til Helsevitenskapelig utdanningssenter (HUS), UiO i 2018.

Publisert 12. okt. 2018 11:09 - Sist endret 21. sep. 2023 15:51