English version of this page

KoloPrev

Fokus på levevanar for eit betre tarmscreeningprogram

Fargerike joggesko, frukt og grønnsaker på et bord

Illustrasjon: Colourbox

Om prosjektet

Noreg ligg på verdstoppen når det gjeld førekomst av tarmkreft. Frå 2022 er det etablert eit nasjonalt tarmscreeningprogram for å få ned førekomsten. Hovudformålet med KoloPrev er å undersøkja om endringar i livsstilsfaktorar endrar risikoen for å få tarmkreft, og om tarmscreeningprogrammet kan brukast til å fremja sunne endringar.

Deltaking i kreftscreening kan auka interessa for å ta i mot kreftførebyggande informasjon. KoloPrev skal undersøkja om tarmscreeningprogrammet kan utvidast til eit meir omfattande program for kreftførebygging ved å fokusera på levevaner som kan redusera kreftrisikoen til deltakarane ytterlegare.

Sjå meir på dei engelske sidene til prosjektet.

 

Emneord: Livsstil, kosthald, tarmkreft, tarmkreftscreening
Publisert 16. mai 2022 14:49 - Sist endret 18. okt. 2022 13:54