Om prosjektet
Noreg ligg på verdstoppen når det gjeld førekomst av tarmkreft. Screeningprogrammet gjer at ein kan oppdaga kreft på eit tidleg stadium. Samtidig gir programmet ein unik sjanse til å auka merksemda kring sunne levevanar. Sjølv om kosthald og levevanar er etablerte risikofaktorar for tarmkreft, er effekten av livsstilsendingar i screeningsamanheng framleis ukjent.
For å integrera førebyggjande strategiar på ein effektiv måte, treng me eigna verktøy for å vurdera kosthald og livsstil, og for å implementera intervensjonstiltak som både er akseptable, effektive og som kan gjennomførast saman med screening. Vidare er det potensiale for å optimalisera oppfølginga etter screening for å oppnå betre ressursutnytting, særleg med tanke på kor ressurskrevjande koloskopiscreening kan vera. I kva grad ein kan forlengja intervalla mellom kvar screening for personar med låg risiko er særleg interessant. Deltaking i kreftscreening kan auka interessa for å ta imot kreftførebyggjande informasjon.
KoloPrev skal undersøkja om tarmscreeningprogrammet kan utvidast til eit meir omfattande program for kreftførebygging ved å fokusera på levevaner som kan redusera kreftrisikoen til deltakarane ytterlegare.
Målsetting
Me vil oppnå dette ved å
- Undersøkja i ein norsk observasjonsstudie samanhengen mellom livsstilsendringar og risiko for livsstilsrelaterte kreftformer hos personar som deltar på tarmscreening.
- Testa i ein randomisert, kontrollert studie om ein persontilpassa, digital kosthalds- og livsstilsintervensjon gjennomført som del av det nasjonale tarmscreeningprogrammet fører til livsstilsendringar, og om effekten er avhengig av intensiteten på intervensjonen.
- Undersøkja i tre store amerikanske kohortar om ein kan forlengja intervallet for endoskopiscreening hos personar med låg risiko, samt effekten av livsstilsendringar på risikoen for tarmkreft.
Finansiering
- Kreftforeningen
- Institutt for medisinske basalfag, Universitetet i Oslo
- Kreftregisteret
- Throne Holst Stiftelse for ernæringsforskning
- Astri og Birger Torsteds legat mot kreft
- Aktieselskabet Freia Chocolade Fabriks Medisinske fond
Start – slutt
2022 - 2028
Samarbeide
Tagger
- Time for a rethink of colonoscopy guidelines?
- Kan en sunnere livsstil etter tarmscreening forebygge tarmkreft?
- Acceptability of a digital diet- and lifestyle intervention in the Norwegian colorectal cancer screening program – A qualitative interview study (IARC's 60 years conference)
- The KoloPrev study: A randomized controlled trial of a personalized digital diet and lifestyle intervention at colorectal cancer screening (IARC's 60 years conference)
- Nytt UiO-prosjekt tester livsstilsråd som del av tarmscreeningtilbudet
Publikasjoner
- Colorectal cancer incidence and mortality after negative colonoscopy screening results
- Lifestyle change after initial colonoscopy screening and incidence of colorectal cancer and major chronic diseases
.png)