English version of this page

Pusteapparat mot psykiske lidingar

Forskarar ved UiO har testa ut å gje hormonmedisinar mot psykiske lidingar gjennom nasen. Det ga betre effekt og færre biverknader.

Biletet viser at oxytocin når fram til hjernen på to måter. Enten indirekte gjennom blodet eller direkte gjennom nervebanane.

Biletet viser at oxytocin når fram til hjernen på to måter. Enten indirekte gjennom blodet eller direkte gjennom nervebanane. A: Partiklar frå nesespray. B: Rute. C: Slimhinne. D: Sensorisk nervecelle. E: Blodkar. F: Nervebane. G: Nerve.

Omtrent ein av hundre nordmenn har ein risiko i løpet av livet for å utvikle schizofreni eller autisme. Det er til ein kvar tid ca 20 000 personar som får behandling for lidingane. Mange psykiatriske lidingar som autisme, schizofreni og bipolar liding er prega av dårleg sosial funksjon.

Oxytocin er eit stoff som verkar på ei rekke åtferdsmønster fordi det verkar på fleire delar av hjerne som har med åtferd å gjera.

Forskarar ved UiO har no funne at låge doser med oxytocin kan hjelpe pasientar med psykiske lidingar si oppfatning av sosiale signal. I same prosjekt har dei, i samarbeid med selskapet OptiNose, utvikla eit apparat som gjer at pasienten kan få lågare doser med betre effekt.

Regulerer åtferd

Oxytocin har lenge vore kjend for verknaden på livmora under svangerskap og fødsel, styrka på veane og utskiljinga av mjølk under amming. Celler over heile kroppen din har reseptorar, eller mottakarar, for oxytocin. Dei bidrar til å regulere hjarterytme og væskenivå. Nyare forsking har vist oxytocinets betydning i sosial åtferd.

Oxytocin er eit såkalla nevropeptid og blei oppdaga i 1953. Peptid er ei gruppe molekyl som består av ei kjede av aminosyrer. Aminosyrer er òg kjende som byggjesteinar til protein, som vi finn i alle typar celler. Oxytocin blir produsert i hypothalamus som er hjernens samordna senter for hormonsystemet. 

Bilete av Optinose nasespray
OptiNose nasespray.

Medisin gjennom nasen

Forskarane har tidlegare visst lite om korleis oxytocin når og påverkar hjernen. De har difor heller ikkje visst kva den mest effektive dosa for behandlinga er.

Grunna oxytocinets rolle i åtferd begynte forskarar å sjå på moglegheita i å gje pasientar hormonet gjennom nasen. 

Professor Ole A. Andreassen og forskargruppa hans har i samarbeid med selskapet OptiNose gjennomført eit prosjekt der dei har forska på ulike doser av oxytocin og korleis det påverkar oppfatninga av sosiale signal. 

Låg dose virka best

16 friske menn fikk ulike doser av oxytocin og placebo. Forskinga viste at berre dei med låg dose oxytocin opplevde effekt på korleis dei oppfatta sosiale signal og mekanismar. 

Bilde av professor Ole A. Andreassen
Professor Ole A. Andreassen, UiO. Foto: Øystein Horgmo, UiO

Professor Ole A. Andreassen forklarer:
– Resultata viser at såkalla intranasal administrasjon, tilføring av oxytocin gjennom nasen, påverkar hjernens funksjon.

Dette tyder på at oxytocin reiser direkte til hjernen, slik vi lenge har rekna med.

Enda viktigare er det at vi har vist effekt av ulike intranasale doser av oxytocin og sosial oppfatting og læring.

Ei dose som er lågare, men som fortsatt påverkar åtferda, vil gje lågare risiko for å påverke andre reguleringssystem. For høge doser av oxytocin har og vist seg å gje motsett effekt.

Blodprøver av pasientane viste at dei fikk same effekt av dei mindre nasedosene som dei som fikk normal dose medisin på vanleg måte.

Forskarane fann og at dei med større holrom i nasen hadde sterkare respons på låg dose oxytocin. 

Pusten hjelper til

Bilete av postdoktor Daniel Quintana, UiO
Daniel Quintana, postdoktor ved UiO. 

Apparatet bles medisin med oxytocin høgt opp i nasen hos pasienten. Når medisinen blir målretta tilført djupt inn i nasen betyr det kortare veg med nervebanane frå øvste del av nasen og opp til hjernen. Vanleg nasespray er ikkje i stand til å presse medisinen høgt nok opp i nasen.

Apparatet utvidar naseholen slik at medisinen kjem lettare til. Det skapar og eit trykk som gjer at medisinen ikkje forsvinn ned att i halsen.

Sidan mindre medisin forsvinn på vegen kan pasientane få mindre doser og dermed færre biverknader. 

OptiNose nyttar ein ny teknikk for å distribuere medisin til hjernen. Den utnyttar din naturlege pustefunksjon.

Du pustar inn i apparatet. Dette gjer at pusten, med medisinane, blir driven gjennom nasens holrom frå ei side av nasen, over til den andre sida og ut gjennom det andre naseboret. Det er dette som gjer at medisinen ikkje forsvinn ned i halsen. 

Kan gje nye medisinar

Det neste trinnet i forskinga er å gjere same forsøka på personar med psykiske lidingar. 
– Vi testar no på deltakarar med såkalla autismespekterforstyrringar, seier prosjektets postdoktor Daniel Quintana.

– Vi håpar at dette forskingsprosjektet er det første steget i utviklinga av ein serie med nye medisinar som kan vere til stor hjelp for fleire med psykiske lidingar, avsluttar Andreassen. 

Studien er publisert i Translational Psychiatry.

Av Thomas Olafsen
Publisert 13. aug. 2015 10:43 - Sist endra 21. mars 2024 12:54