Disputas: Marit Lunde Dalen

Cand.med. Marit Lunde Dalen ved Institutt for klinisk medisin vil forsvare sin avhandling for graden ph.d. (philosophiae doctor): Hypothermia and room air resuscitation in NT2-N neurons, immature rats and newborn pigs.

Bedømmelseskomité

  • 1. opponent: Professor Carina Mallard, Sektionen for Fysiologi, Göteborg Universitet, Göteborg, Sverige
  • 2. opponent: Overlege Dag Moster, Barneklinikken, Haukeland universitetssykehus, Bergen
  • 3. medlem av bedømmelseskomitéen: Førsteamanuensis Rolf Lindemann, Kvinne- og barneklinikken, Institutt for klinisk medisin, UiO

Leder av disputas

Professor Drude M. Fugelseth, Kvinne- og barneklinikken, Institutt for klinisk medisin, UiO

Veileder

  • Professor Terje Rootwelt, Kvinne- og barneklinikken, Institutt for klinisk medisin, UiO
  • Professor Ola Didrik Saugstad, Kvinne- og barneklinikken, Institutt for klinisk medisin, UiO
  • Professor Marianne Thoresen, Avdeling for fysiologi, Institutt for medisinske basalfag, UiO

Sammendrag

Alvorleg oksygenmangel ved fødsel: Skadeleg effekt av ekstra oksygentilførsel under gjenoppliving før nedkjølingsbehandling.
Ei eksperimentell studie på hjerneceller, nyfødde rotter og spedgris.

I avhandlinga Hypothermia and room air resuscitation in NT2-N neurons, immature rats and newborn pigs har lege og forskar Marit Lunde Dalen og medarbeidarar funne ut at etter alvorleg oksygenmangel hos nyfødde er det gunstig å unngå ekstra oksygentilførsel (100% O2) før nedkjølingsbehandling. Alvorleg oksygenmangel før og under fødsel, fødselsasfyksi, er ein viktig årsak til hjerneskade og død, og står på verdsbasis for omkring 23% av dødsfall hos nyfødde. Nedkjøling er til nå einaste behandling som kan redusere utviklinga av hjerneskade etter fødselsasfyksi. Gjenoppliving ved fødselsasfyksi har tradisjonelt blitt gjort med tilførsel av ekstra oksygen, men frå 2010 er det internasjonalt tilrådd å starte gjenoppliving med vanleg luft. Dette er fordi studier har vist at det er skadeleg å puste reint oksygen (100% O2) etter oksygenmangel og at vanleg luft (21% O2) er like effektivt for gjenoppliving. Ekstra oksygen er likevel i bruk, og Dalen og medarbeidarar har forsøkt å finne ut om ekstra oksygentilførsel under gjenoppliving påverkar den beskyttande effekten av nedkjølingsbehandling. I eksperimentelle forsøk med hjerneceller, nyfødde rotter og spedgris har Dalen og medarbeidarar etterlikna dei hendingane og mekanismane som gir hjerneskade hos nyfødde med fødselsasfyksi. Studiene stadfestar tidlegare funn om at nedkjøling beskyttar hjernen etter oksygenmangel, både etter gjenoppliving med luft og med 100% O2. I tillegg viste rottestudien at gjenoppliving med 100% O2 auka hjerneskaden slik at beskyttelsen som nedkjøling gav vart utlikna. Det er mogeleg at ein kan forbetre utfallet etter fødselsasfyksi dersom ein kan unngå ekstra oksygentilførsel under gjenoppliving før nedkjølingsbehandling.

Kontaktperson

For mer informasjon, kontakt Elisabeth Kolflaath Semprini
 

Publisert 7. nov. 2011 14:50 - Sist endret 21. jan. 2013 08:56