Disputas: Åsmund Husabø Eikenes - Cellebiologi

M.Sc. Åsmund Husabø Eikenes ved Institutt for klinisk medisin vil forsvara si avhandling for graden ph.d. (philosophiae doctor): Novel regulators of cytokinesis in vivo.

Prøveførelesing

Sjå prøveførelesing

Bedømmelseskomité

  • 1. opponent: Professor Christos Samakovlis, Institutionen för molekylär biovetenskap, Wenner-Grens institut, Stockholms universitet, Sverige
  • 2. opponent: Lecturer Monica Agromayor, Department of Infectious Diseases, King’s College London, School of Medicine, England
  • 3. medlem av bedømmelseskomiteen: Professor Hilde Nilsen, Avdeling for klinisk molekylærbiologi, Institutt for klinisk medisin, Universitetet i Oslo

Disputasleiar

Professor Bjørn S. Skålhegg, Seksjon for molekylær ernæring, Institutt for medisinske basalfag, Universitetet i Oslo

Hovudrettleiar

Prosjektleiar Kaisa Haglund, PhD, Institutt for kreftforskning, Radiumhospitalet, Oslo Universitetssykehus HF

Samandrag

Åsmund H. Eikenes har studert kontrollmekanismar i celledelinga for å forstå utvikling av kreft.

Å forstå cellebiologiske prosessar er grunnleggande for kunnskap om både utviklingsbiologi og sjukdom. For å forstå korleis multicellulære organismar fungerer har Eikenes nytta bananfluga Drosophila melanogaster som modellsystem. Resultata som er presenterte i denne avhandlinga gir ny kunnskap om regulering av celledeling.

I arbeidet med avhandlinga har Eikenes og kollegaene hans karakterisert ei rekke protein som er viktige for å regulere at celler deler seg presist. Desse proteina er viktige for å koordinere og kontrollere ulike steg i løpet av celledelinga i ein levande organisme. Når kontrollmekanismane ikkje fungerer, eller manglar, oppstår det problem som kan vere skadelege for cellene og for organismen.

Kunnskap om celledeling i bananfluga er viktig for å kartlegge kva prosessar som er involvert i presision og regulering av celledeling også i humane celler.

Samla har dette arbeidet resultert i kunnskap om ei rekke nye protein som er viktige for regulering av celledeling i ein levande organisme, grunnleggande kunnskap som kan nyttast til å forstå korleis kreftsjukdommar kan oppstå.

Kontaktperson

For meir informasjon, kontakt Kari-Anne Bjørnerud

Publisert 13. apr. 2015 13:11 - Sist endret 14. apr. 2015 10:26