English version of this page

Åsne Rambøl Hillestad vann britisk fotopris

Medisinsk fotograf Åsne har vunne både gull og sølv i fotokonkurransen til Institute of Medical Illustrators (IMI).

Bildet kan inneholde: smil, produkt, fellesskap, font, hendelse.

– Det å bli anerkjent for bileta mine av IMI betyr mykje. Det er standardane deira me bruker for å utarbeida standardane våre, seier Hillestad, som jobbar ved Foto- og videotenesta (FOVIT) ved Klinmed. Foto: Øystein Horgmo, UiO.

Av Julie Nybakk Kvaal
Publisert 18. okt. 2024

Britiske Institutt for Medisinske Illustratører (IMI) deler kvart år ut prisar til framifrå prestasjonar innan klinisk fotografi, helsedesign og klinisk video. Prisane består av Gull, Sølv og Bronse, og dessutan ein Platinapris.

Medisinsk fotograf ved Institutt for klinisk medisin, Åsne Rambøl Hillestad vann ikkje mindre enn to prisar på IMIs årlege konferanse i oktober.

– Det å bli anerkjent for bileta mine av IMI betyr mykje. Det er standardane deira me bruker for å utarbeida standardane våre, seier Hillestad, som jobbar ved Foto- og videotenesta (FOVIT) ved Klinmed.

– Det er også på den årlege konferansen deira i England at me får sett kva som rører seg på fagfeltet, sparra med internasjonale kollegaer og lært mykje på eit utal av workshopar undervegs i konferansen, forklarer ho.

Begge dei prisvinnande bileta er tekne i samarbeid med legar ved Rikshospitalet.

– Eg er veldig takksam for samarbeidet på begge desse bileta, seier ho.

Gull for fluorescerande utslett i armhole

Hillestad vann gull for eit bilete av eit fluorescerande utslett som vart synleg ved bruk av UV-lys.

I grunngivinga for å vinna gull står det hos IMI at bidraget må visa «eksepsjonell bruk av teknikk, forståing og tolking av emnet i illustreringa og oppfyllinga av oppgåva».

– Dette biletet vart bestilt av hudlege og forskar Christoffer Ingvaldsen, som brukte biletet i ein artikkel i Tidsskriftet. Han hadde med sin eigen Woods lampe som er UV-lyskjelda me bruker i biletet, fortel ho.

Bildet kan inneholde: ledd, skulder, finger, font, tatovering.
Fluorescerende utslett som ble synlig ved bruk av UV-lys. Pasienten ble deretter diagnostisert med Erythrasma forårsaket av bakterien Corynebacterium minutissimum. Bildet ble publisert i en artikkel om emnet. Foto: Åsne Rambøll Hillestad, UiO.

Sølv for 3D-printa modell av hovudskalle med oransje svulst

Sølvprisen blir gitt til eit bidrag som viser ein framifrå bruk av teknikk og ei utmerkt forståing av krava i oppgåva, utan den djupe tolkinga som trengst for å oppnå ein gullpris.

Biletet ho vann sølv for viser ein 3D-printa modell av hovudskalle med oransje svulst. Hovudskallen er laga av Celine Krefting som er spesialingeniør i medisinsk teknologi, i samarbeid med ortoped Stefan Huhnstock.

– 3D-modellen vart generert i prosessen med å planleggja ein operasjon. Den gjer det mogleg for kirurgane å analysera kompleksiteten i tilfellet nøye. Den blir også brukt som eit rettleiingsverktøy på operasjonsstova, forklarer Hillestad.

Bildet kan inneholde: øye, menneskekropp, kjeve, bildesign, kunst.
3D-printet modell av hodeskalle med oransje svulst. Foto: Åsne Rambøll Hillestad, UiO.

Ein kvardag med både pasientfotografering og kommunikasjonsoppdrag

Arbeidsdagene hennar som medisinsk fotograf ved instituttet er svært varierte.

– Me gjer fotografering eller filming av pasientar. Det kan vera i studioet vårt på Rikshospitalet eller på ei avdeling eller i ein operasjon, fortel Hillestad.

– Me gjer også kommunikasjonsoppdrag, portrett og redigering av bilete, seier ho.

Ho trivst godt med denne kombinasjonen av pasientfoto og kommunikasjonsfoto som ho gjer på Klinmed.

Openheit og varsemd for livssituasjonen til pasientane

Med pasientfotografering er det faste parametrar å jobba ut i frå.

Ved fotografering av pasientar er det viktig at resultatet blir så jamt og likt kvar gong, uavhengig av kven av oss som fotograferer. Det gjer det lettare for legane og sjukepleiarane å måla utviklinga av tilstanden til pasienten, forklarer Hillestad, og held fram:

– Fotograferinga dreier seg mykje om å vera open og varsam for livssituasjonen til pasientane. Den er ofte ikkje er den beste ettersom dei er på eit sjukehus. Det er viktig å gjera det minst mogleg belastande for dei å bli fotografert.

Ho og kollegaene bruker tid på å finna gode og formålstenlege løysingar i situasjonar som kanskje kan vera krevjande.

– Me fotograferer gjerne pasientane i tronge rom med mykje helsepersonell. Då er det lite tid til at fotograferinga kan ta for mykje plass, påpeikar ho.

Kommunikasjonsoppdrag gir rom for kreativitet

I tillegg til pasientfotografering samarbeider ho mykje med kommunikasjonsrådgivarane til instituttet om å ta bilete av enkeltforskarar, forskargrupper, arrangement og anna til aktueltsaker, forskingssaker og anna forskingsformidling.

– Kommunikasjonsdelen av jobben gir mykje meir rom for kreativitet. Den er også veldig variert. Det er spennande å følgja med på kva som skjer på instituttet og fakultetet, og få vera med og bidra til forskarformidling, seier ho.

– Eg synest alltid det er veldig fint å bli spurt om å gjera denne delen av jobben. Eg er glad for at dei verdset fotografkompetanse og ikkje berre vil ta bilete med telefonane sine, understrekar ho.

Møte med menneske og situasjonar

Prisvinneren synest fotografyrket er svært givande.

– Noko av det beste med å vera fotograf er at kameraet fungerer som ein nøkkel som opnar opp for møte, menneske og situasjonar, ein normalt ikkje har tilgang på, seier ho.

Ho skryter også av kollegaene sine ved Foto- og videotenesta.

– Det er heilt uvurderleg å ha kollegaer ein er på nett med. Me er ein veldig fin gjeng, tre nerdar som hjelper kvarandre, er fleksible og dyktige. Me er alle begeistra for å utvikla oss og å halda oss heilt i toppskiktet av medisinsk fotografi, seier ho.

Svært fortent anerkjenning

Administrasjonssjef ved Klinmed Astrid Aksnessæther er svært stolt over Hillestads prestasjon på IMI Awards.

– Me gratulerer Åsne så mykje med både gull og sølv for bileta sine! Prisane er ei svært fortent anerkjenning av både kreativiteten og profesjonaliteten hennar. Me er veldig stolte av å ha så dyktige medarbeidarar med på laget på Klinmed, skryter administrasjonssjefen.

– Ho og resten av foto- og videotenesta er ein uvurderleg ressurs for oss, seier ho.

Om Institutt for Medisinske Illustratører

Institutt for Medisinske Illustratører (IMI) samlar dei ulike disiplinane innan medisinsk illustrasjon. Desse er klinisk fotografi, medisinsk kunst, illustrasjon, grafisk design og video til bruk i helsevesenet.

Heilt sidan 1968 har IMI sett og halde oppe standardar for profesjonen.

Medlemmene i instituttet er ein høgt spesialiserte og dyktig gruppe menneske som bidreg til pasientomsorg og undervisning i medisin og relaterte helsefag.

Kontakt

Les mer

 

 

Emneord: medisinsk foto, pasientfotografering, Kommunikasjon, foto- og videotjenesten, FOVIT, Foto
Publisert 18. okt. 2024 14:07 - Sist endra 26. mars 2025 15:34