Forskingsopphald ved Yale University

Camilla Kjellstadli tok med seg mann og to barn til USA for et halvt års forskningsopphold ved Yale University. Les hennes reiserapport!

Eg er stipendiat ved Senter for alders- og sykehjemsmedisin og Allmennmedisinsk forskningsenhet (UiB), og undersøker helsetenester i siste fase av livet og samanheng med heimedød ved bruk av registerdata. Hausten 2018 fekk eg ein unik sjanse til å reise til New Haven, Connecticut på forskingsopphald ved Program on Aging, Yale University. Som postgraduate fellow har eg fått delta på seminar, workshops og forelesningar i eit tverrprofesjonelt miljø med fokus på utvikling og testing av effektive strategiar for å betre funksjon og livskvalitet hos eldre personar med funksjonstap og kroniske sjukdommar. Eit av måla med reisa var å lære nye analysemetodar for longitudinelle data. Program on aging har bygd opp ei heil statistikkavdeling som har spesialisert seg på å analysere data på eldre personar. Desse fantastiske folka fekk eg vere med og lære av i eit halvt år. Ny kunnskap har blitt anvendt i eige prosjekt etter ei bratt læringskurve. Samarbeid med utruleg dyktige forskarar har gitt nye perspektiv, vore veldig spennande og lærerikt og gitt heilt nye verktøy for vidare forsking.

Eg har vore så heldig å få dele denne opplevinga med familien: mann og to tøffe jenter på 2 og 5 år. Me var forberedt på at det kunne bli utfordrande med miljøbytte og språkbarriere, men det har gått over all forventing. Med gode førebuingar har alle saman hatt godt utbytte av turen. Jentene fekk prøve seg på ballett og musikk med barn på same alder, og engelsken har blomstra. Fritida blei brukt til å utforske flotte New Haven og områda rundt. Sjølv om dei som bur her meiner dei har bakkar, syns me som bergensarar det var «paddeflatt» og ein drøm å utforske på sykkel. Spesielt sidan sommaren varte til langt uti oktober. På sykkel kom me oss blant anna på nydelege sandstrender, park med utkikkspunkt over heile byen og innandørs klatrepark med partymusikk og dansande vatn. New York og Boston er berre eit par timar unna og var ideelle for helgeturar. I tillegg har alle me har møtt vore svært opne og interesserte. Uansett om det var profesjonelt eller på fritida, var det lett å komme i snakk med andre. Dette fekk oss til å føle oss velkommen, og gjorde det mykje enklare å få nye venner. Me fekk også oppleve nye høgtider som Halloween på ekte amerikansk vis, Thanksgiving med kalkun og julefeiring med lysshow større enn all belysning i ein middels norsk by. Erfaringa vår er at amerikanarar feirar fullt ut kvar gong.

Alt i alt har opphaldet gitt mykje ny kunnskap, nye vennskap og minner for livet for både store og små. Sjølv om me nettopp er tilbake i flotte Bergen, er tankane allereie begynt å vandre til neste reisemål…

Tusen takk til Nasjonal forskerskole i allmennmedisin og andre som har gjort denne reisa mogleg.

Helsing Camilla

Publisert 13. feb. 2019 09:45 - Sist endret 4. mars 2019 15:23