English version of this page

Bruk av helsetjenester hjå 15-åringar (avsluttet)

som prediktor for arbeidsmarginalisering 10 år etter.

Illustrasjonsfoto: colourbox

Om prosjektet

Prosjektet er eit sub-prosjekt av studien:

Ute av arbeid. Livshendingar og helseåtferd hjå 15-åringar som prediktorar for arbeidsmarginalisering 10 år etter 

Studien vil knytte spørjeskjemadata frå ei stor helseundersøking hjå ungdom som vart gjennomført I 1999-2004 på 16 000 15-åringar på 400 skular,  til registerdata  frå nasjonale register, og vil følgje kvar person gjennom utdanning og arbeid fram til 25-års alder.

Mål

Prosjektet har som mål å framskaffe ny kunnskap omkva type  helseforhold som har påverknad på funksjonsevne og sjukefråver i arbeidslivet.Studien skal kartleggje prediktorer i ungdomstida som kan ha innverknad på  integrering og marginalisering frå arbeidslivet i tidleg vaksen alder. Helserelaterte individuelle og kontekstuelle faktorar i 10. klasse vil bli studert i forhold til meistring og fråfall i utdanning og eksklusjon frå arbeidslivet.

Studien vil kartleggje bruk av helsetenester relatert til negative livshendingar, mental helse, etnisitet og skuletilhørigheit hjå 15-åringar og finne ut korleis dette påverkar fråfall frå utdanning og eksklusjon frå arbeidslivet 10 år etter.

Bakgrunn

Ein aukande del unge fullfører ikkje vidaregåande skule og mange står utanfor arbeidslivet. Å identifisere faktorar som kan medføre inklusjon i arbeidslivet i ung alder vil ha ein spesielt stor samfunnsmessig nytteverdi – fordi unge har mange arbeidsår framfor seg og tidleg marginalisering kan vere starten på ei ustabil tilknyting til arbeidslivet.

Vi har lite kunnskap om individuelle og miljø/kontekstuelle faktorer i ungdomsåra som kan ha innverknad på seinere eksklusjon fra skule og arbeidsliv.

Kombinasjonen av spørreskjemadata frå nesten fullstendige 10.klasse kohortar i seks ulike fylke og omfattande nasjonale  registerdata i Noreg, medfører unike  forskingsvilkår for ein studie som dette.

Finansiering

Prosjektet er finansisert av Norges forskningsråd.

Samarbeid

Nasjonalt kompetansesenter for vold og traumatisk stress (NKTVS)

RBUP – Regionsenter for barn og unges psykiske helse, øst og sør

Forskingsgruppa består av ein kombinasjon av medisinske og samfunnsvitskaplege forskarar: Lars Lien (MD, PhD) (prosjektleiar), Siri Thoresen (psykolog, PhD), Åse Sagatun (M.Sc. PhD, post doc), Ole Rikard Haavet (MD, PhD), Ole Kristian Hjemdal (sosiolog), Grete Dyb (MD, PhD), Ida Frugaard Strøm (sosiolog, PhD kandidat) og Lisbeth Homlong (MD, PhD kandidat).

Start - slutt

2011-2015

 

 

Publisert 19. mai 2011 08:33 - Sist endret 15. des. 2015 10:51

Kontakt

Lisbeth Homlong

 

Deltakere

Detaljert oversikt over deltakere