Om prosjektet
Prosjektet er eit sub-prosjekt av studien:
Ute av arbeid. Livshendingar og helseåtferd hjå 15-åringar som prediktorar for arbeidsmarginalisering 10 år etter
Studien vil knytte spørjeskjemadata frå ei stor helseundersøking hjå ungdom som vart gjennomført I 1999-2004 på 16 000 15-åringar på 400 skular, til registerdata frå nasjonale register, og vil følgje kvar person gjennom utdanning og arbeid fram til 25-års alder.
Mål
Prosjektet har som mål å framskaffe ny kunnskap omkva type helseforhold som har påverknad på funksjonsevne og sjukefråver i arbeidslivet.Studien skal kartleggje prediktorer i ungdomstida som kan ha innverknad på integrering og marginalisering frå arbeidslivet i tidleg vaksen alder. Helserelaterte individuelle og kontekstuelle faktorar i 10. klasse vil bli studert i forhold til meistring og fråfall i utdanning og eksklusjon frå arbeidslivet.
Studien vil kartleggje bruk av helsetenester relatert til negative livshendingar, mental helse, etnisitet og skuletilhørigheit hjå 15-åringar og finne ut korleis dette påverkar fråfall frå utdanning og eksklusjon frå arbeidslivet 10 år etter.
Bakgrunn
Ein aukande del unge fullfører ikkje vidaregåande skule og mange står utanfor arbeidslivet. Å identifisere faktorar som kan medføre inklusjon i arbeidslivet i ung alder vil ha ein spesielt stor samfunnsmessig nytteverdi – fordi unge har mange arbeidsår framfor seg og tidleg marginalisering kan vere starten på ei ustabil tilknyting til arbeidslivet.
Vi har lite kunnskap om individuelle og miljø/kontekstuelle faktorer i ungdomsåra som kan ha innverknad på seinere eksklusjon fra skule og arbeidsliv.
Kombinasjonen av spørreskjemadata frå nesten fullstendige 10.klasse kohortar i seks ulike fylke og omfattande nasjonale registerdata i Noreg, medfører unike forskingsvilkår for ein studie som dette.
Finansiering
Prosjektet er finansisert av Norges forskningsråd.
Samarbeid
Nasjonalt kompetansesenter for vold og traumatisk stress (NKTVS)
RBUP – Regionsenter for barn og unges psykiske helse, øst og sør
Forskingsgruppa består av ein kombinasjon av medisinske og samfunnsvitskaplege forskarar: Lars Lien (MD, PhD) (prosjektleiar), Siri Thoresen (psykolog, PhD), Åse Sagatun (M.Sc. PhD, post doc), Ole Rikard Haavet (MD, PhD), Ole Kristian Hjemdal (sosiolog), Grete Dyb (MD, PhD), Ida Frugaard Strøm (sosiolog, PhD kandidat) og Lisbeth Homlong (MD, PhD kandidat).
Start - slutt
2011-2015