Norad gir midlar til Helsam-prosjekt

Professor Espen Bjertness og førsteamanuensis Kåre Moen mottar begge midlar frå Norad gjennom programmet NORHED II. Førsteamanuensis Ruth Prince er tungt involvert i et tredje prosjekt.

Fleire fagmiljø på UiO fekk like før jul pengar frå Norad til samarbeid om kapasitetsbygging, forsking og utdanning med universitet i låginntektsland. Det skriv Uniforum.

Av UiO-prosjekta på lista, er to av prosjekta Helsam-basert under prosjektleiinga til Bjertness og Moen. I tillegg er Prince involvert i prosjektleiinga av eit prosjekt tildelt professor Paul Wenzel Geissler ved Sosialantropologisk institutt (UiO).

Helsams tre representantar på NORHED II-lista høyrer alle til ved Avdeling for samfunnsmedisin og global helse.

NORHED II-programmet startar opp i 2021 og skal vara ut 2026.  Les Norad si pressemelding om tildelinga.  

Public Health and Sustainable Development in Myanmar (MY-NORTH-2)

Prosjektet mottar 20 millionar i støtte frå NORAD og blir leia av professor Espen Bjertness. MY-NORTH-2 er ei vidareføring av det avslutta prosjektet  MY-NORTH-1: Health and Sustainable Development in Myanmar (2014-2018) – eit  samarbeidsprosjekt kor målet var å støtte kompetansebygging innan medisinsk forsking og utdanning i Myanmar. Prosjektet etablerte eit landsdekkande elektronisk helseinformasjonssystem, utdanna forskarar på master- og Ph.d.-nivå, og hadde eit særskilt fokus på akademisk skriving (scientific writing). Prosjektet førte til  meir enn 40 publikasjonar derav to i Science og ca. 20 i andre topp-tidsskrifter.

I MY-NORTH-2 skal prosjektet vidareføre kapasitetsbygging innan forsking og høgare utdanning, særskilt innan folkehelseområdet.

– Prosjektet vil ha fokus på helseulikheitar mellom etniske grupper og helsetenester i rurale område. Prosjektet skal etablere eit Postdoktor-program, og styrke kompetanse i sjukehusetikk og helseøkonomi, samt halde fram arbeidet med det medisinske simuleringssenteret som blei etablert i første Norhed-periode. Eit viktig mål i MY-NORTH-2 er å bidra til å omsette ny kunnskap til helsepolitikk, seier Bjertness.

Strengthened doctoral education for health in Tanzania (DOCEHTA)

Prosjektet mottar 19,97 millionar i støtte frå NORAD og blir leiar av førsteamanuensis Kåre Moen.

Dette prosjektet har som formål å styrke ph.d.-utdanninga innan folkehelse og samfunnsmedisin i Tanzania. Prosjektet vil arbeide med kvalitetsutvikling av doktorgradsutdanning, kursing av rettleiarar, utvikling av kurs, digitalisering av kurs og etablering av læringsfellesskap blant ph.d.-kandidatar.

I prosjektet inngår også åtte doktorgradsstipend og to postdoktorprosjekt som fokuserer på utdanning i helsevitskapane hiv-førebygging i nøkkelpopulasjonar og den raskt veksande byrden av ikkje-smittsamme sjukdomar.

–  Denne tildelinga er viktig fordi dei tanzanianske universiteta opplev ein dramatisk mangel på høgt utdanna vitskapeleg tilsette innan folkehelse og samfunnsmedisin, seier Kåre Moen.

Tilknytt prosjekt ved Sosialantropologisk institutt

Forskingsprosjekt «Medical and Environmental Anthropology for 21st Century East Africa» ved Sosialantropologisk institutt har også fått 20 millionar i støtte frå Norad til å utvikle kompetanse innan miljø- og medisinsk antropologi.

Paul Wenzel Geissler, professor ved Sosialantropologisk institutt (SAI) og Ruth Prince, førsteamanuensis ved Institutt for helse og samfunn, skal saman leie prosjektet. Målsettinga er å bygge opp eit fagmiljø i Øst-Afrika med spisskompetanse i sosialantropologi. Les meir om prosjektet i saka «Tildelt NORAD-penger for å bygge fagmiljø i Øst-Afrika» på Sosialantropologisk institutt sine nettsider.

 

Publisert 8. jan. 2021 12:22 - Sist endret 8. jan. 2021 13:36