Innovasjonsmidlar til SFF’et CRESCO

Midlane frå UiO skal brukast til å utvikle ein metode for å kartleggje endringar på RNA i kreftceller.

bilde av forskerne i laboratoriet

Postdoktor Yanjiao Li og professor Arne Klungland er glade for tildelinga frå UiO. Foto: Guro Flor Lien, UiO.

Av Elin Martine Doeland
Publisert 4. des. 2024

CRESCO, eit senter for framifrå forsking er eit av miljøa som er tildelt innovasjonsmidlar frå rektoratet i årets utlysing. Støtta er på inntil 400 000 norske kroner. 

Midlane går til innovasjonsprosjektet «Innovative Technology for Identification and Detection of Cancer Markers».  

– Tildelinga frå UiO gir oss moglegheit til å fokusera på metodeutvikling. Samtidig blir metodane også nytta for eiga forsking på embryologi og kreftutvikling, fortel senterleiar og professor Arne Klungland. 

Skal utvikle kart over endringar på RNA i kreftceller 

Innovasjonsmidlane skal nyttast for å vidareutvikla ein metode for kartlegging av endringar på RNA i kreftceller. Desse endringane kallast kjemiske modifikasjonar på fagspråket, eller «merkelappar». 

RNA er molekyl i cella som blant anna er med på å bestemma kva gen som skal slåast av og på i cella.

– Desse merkelappane på RNA har ein spesiell funksjon i kreftceller. Me skal mellom anna generere nokre kart som me håpar kan forklara korleis kreftceller nyttar energikjelder som gjer at dei kan dele seg raskt, seier Klungland.

Forskarane i CRESCO er opptatt av metodeutvikling 

– I CRESCO arbeider me mykje med optimalisering av metodar. Det er for at analysar som tidlegare vart gjorde på millionar av celler no kan nyttast til enkeltceller, mellom anna tidlege embryo, held han fram. 

Metodane vil også kunna nyttast for å kartleggja heterogene cellepopulasjonar i ein kreftsvulst. 

– Me har allereie etablert fleire metodar som er patenterte og ønskjer å halda fram dette arbeidet i CRESCO, understrekar senterleiaren. 

Instituttleiinga gratulerer med tildelinga

Nestleiar på Klinmed, Shuo-Wang Qiao, gratulerer Klungland og miljøet ved CRESCO med tildelinga frå rektoratet. 

– Forskinga i CRESCO er eit godt døme på korleis nysgjerrigheitsdriven grunnforsking kan føra til betre pasientbehandling, med innovasjon som potensielt kan føra til banebrytande nye klinisk tilbod, seier ho.

– Det er nettopp dette Forskningsrådets prestisjefulle SFF’ar er meint å stimulera, held Qiao fram.

Les meir

Kontakt

Emneord: CRESCO, innovasjon, Arne Klungland
Publisert 4. des. 2024 15:00 - Sist endret 1. juli 2025 10:33