25 millionar i miljøstøtte frå forskingsrådet

Helsam får nærare 25 millionar kroner over ein periode på fem og eit halvt år. Midlane skal gå til oppbygging av senter for helsetenesteforsking.

Foto: Øystein Horgmo, UiO

Hovudmålet med satsinga er å utvikle, evaluere og formidle kunnskap om ulike tenestemodellar og kva effekt desse har på folks tilgang til helsetenester, på kvalitet og kostnadseffektivitet.

Det er Avdeling for helseleiing og helseøkonomi som står bak prosjektet NORCHER – Norwegian Centre for Health Service Research, men alle avdelingar ved Institutt for Helse og samfunn skal trekkast inn i arbeidet.

– Noreg har ein stor aldrande befolkning og skilnadane i folks helsetilstand har blitt større dei siste tiåra. Det er også store forventingar frå samfunnet til helsetenestene som blir levert. Innovasjon og kunnskapsbaserte tenestemodellar er derfor nødvendig for å kunne møte utfordringane innanfor bærekraftige økonomiske rammer, forklarar instituttleiar Terje P. Hagen. 

Frå teori til praksis

Ein viktig suksessfaktor for prosjektet er at resultatet av forskinga blir formidla til styresmakter, sjukehus, kommunar og til studentar gjennom utvikling og oppdatering av læreplanar og pensum.

Ein stor del av prosjektet skal utviklast  i samarbeid med Helse Sør-Øst og Sykehuset i Vestfold (SiV).  SIV og kommunane i Vestfold skal være pilot for nye tenestemodellar som deretter vil bli evaluert.

– Vårt formål er å bidra til å utvikle gode, kostnadseffektive og framtidsretta helsetenester for befolkninga. NORCHER vil også samarbeide tett med forskingssenter nasjonalt og internasjonalt, seier Hagen.

Prosjektet vil analysere fleire pasientgrupper, men ha særskilt vekt på psykisk sjuke og personar med kroniske sjukdomar.

– Dette er grupper med høgt forbruk av helsetenester og der dagens behandlingstilbod har vesentlege manglar, seier Hagen.

Andre delar av satsinga omfattar:  

  • Analysar av alternative ordningar for løning av fastlegar.
  • Analysar av strategiar som kan stimulere retur til arbeidslivet for pasientar med psykiske lidingar.
  • Nordiske samanliknande analysar av kvalitet og effektivitet i helsetenestene.

 

 

Av Thea Cecilie Engelsen
Publisert 25. feb. 2019 12:58 - Sist endret 10. okt. 2019 14:53