English version of this page

Frå Asia til Afrika: Antibiotikaens vegar over det indiske hav

Det overordna formålet med prosjektet er å utvikle teori om farmasøytiske forbindelsar i det globale sør, samt å bidra til ein meir berekraftig og kontekstsensitiv bruk av antibiotika for menneske, dyr og miljøet. 

Den globale marknaden for antibiotika er i hurtig endring. Stadig meir av antibiotikaproduksjon skjer i den globale sør. Dette prosjektet skal følge antibiotikaens vegar frå Kina og India til, og innanfor, Tanzania. Konkret vil prosjektet undersøke straumen av aktive farmasøytiske ingrediensar og generiske antibiotika frå Kina og India, over den historiske handelsruta i Indiahavet.

 I Tanzania følger prosjektet import av antibiotika, nasjonale reguleringstiltak, og kartlegger korleis antibiotika sirkulerer i formelle og uformelle marknader, før prosjektet følger medisinen vidare til den rurale Kilimanjaro-regionen. Der skal prosjektet undersøker korleis bønder bruker disse stoffa til behandling av menneske, dyr i meir eller mindre industrielt landbruk og i åkrane.

Bakgrunn

Antibiotika var en revolusjonerande teknologi då den ble introdusert på 1930-tallet. Ikkje berre forvandla den livsfarlege sjukdomar til handterlege livshendingar, den gjorde også ei rekke avanserte medisinske inngrep tryggare.

I løpet av de siste tiåra har det vært ei aukande uro for at antibiotika mister effekt på grunn av resistensutvikling. Nye typar antibiotika har nesten ikkje blitt produsert sidan 1980-tallet, og den globale marknaden for gamle antibiotika er i rask endring med stadig meir produksjon i den globale sør. Dette er bakgrunnen for prosjektets fokus på nye globale antibiotikaforbindelsar kor prosjektet undersøker produksjon og eksport av antibiotika frå Asia til Afrika.

Mål 

Prosjektet består av ei tverrfagleg gruppe forskarar som kombinerer metodar og teori frå antropologi, historie, medisin og bioingeniørfag, og er eit svar på oppmodinga frå blant andre WHO og The Lancet om å bringe inn perspektiv frå samfunnsvitskap og humaniora til studiar av antibiotikaresistens.

Metodane prosjektet bruker er langvarige etnografiske feltarbeid, dokument- og policyanalysar, og arkivarbeid.

Målet er å bidra til teoriutvikling om farmasøytiske forbindelsar i det globale sør. Prosjektet har som mål å inspirere til ei meir bærekraftig, og lokalt forandra, bruk av antibiotika.

Finansiering

Noregs forskingsråd (NFR)

Start og slutt

2020 - 2025

 

 

Publisert 17. juni 2020 09:47 - Sist endra 30. okt. 2023 09:31

Deltakarar

Detaljert oversikt over deltakarar