Nye midlar til Helsam frå NFR

Institutt for helse og samfunn fekk i 2018 innvilga støtte til seks større forskingsprosjekt av Noregs forskingsråd. Den samla søknadssummen utgjer 73 millionar kroner.

ordsky Research, project, development etc.
Foto: Colourbox

– Dette er gode midlar for instituttet. Det visar at me er ein konkurransedyktig organisasjon som driv med viktig og samfunnsaktuell forsking, seier instituttleiar Terje P. Hagen.

Innvilginga av SAMKUL-prosjekta til Anne Kveim Lie og Kari Nyheim Solbrække kom i juni med 9 millionar i støtte til kvar. Les meir: 18 millioner til to nye SAMKUL-prosjekter.

I november/desember kom dei resterande søknadssvara for 2018.

15 millionar - HELSEVEL

HELSEVEL er den viktigaste og største enkeltaktiviteten i forskingsrådet si hovudsatsing. Tenestene som inngår i programmet er helse- og omsorgstenester, arbeids- og velferdstenester og barnevern.

Oddvar Kaarbøe leiar prosjektet som har fått støtte frå HELSEVEL. Prosjektet «Modernizing the GP scheme: towards sustainable health policy» studerer allmennlegens koordinering av helsetenester.

– Me ser på strukturelle, organisatoriske og finansielle faktorarar som anten hindrar eller fostrar koordinering og integrering av helsetenester, samt på faktorar som bidrar til større likebehandling av personar med like behov, fortel Kaarbøe.

Prosjektet skal gjennomførast i samarbeid med forskarar frå Uni Research Rokkansenteret, Syddanske Universitet, NTNU, samt University of York.

15 millionar - BEHANDLING

Programmet BEHANDLING skal gjennom klinisk forsking bidra til at pasienten får god og treffsikker diagnostikk, behandling og rehabilitering gjennom heile sjukdomsløpet.

Morten Lindbæk har gjennom programmet fått støtte til prosjektet: «Better treatment for Acute Sinusitis In primary health Care». Føremålet er å undersøke betre behandlingsformar for akutt biholebetennelse. Alvorlege komplikasjonar ved biholebetennelse førekjem sjeldan som et resultat av sjukedomen aleine. Likevel er akutt biholebetennelse ein av diagnosane kor antibiotika er hyppigast brukt som behandling i vesten, til tross for at storparten av pasientane ikkje har nokon effekt av denne antibiotikabehandlinga.

Postdoktor Sigurd Høye er leiar for dei tre arbeidspakkene i prosjektet.

– Resistens mot antibiotika er aukande på verdsbasis og eit stort problem. For å begrense antibiotikaresistens er det derfor viktig å unngå unødig bruk av antibiotika, seier Høye.

15 millionar - GLOBVAC

Det overordna målet med GLOBVAC er å støtte forsking som kan bidra til vedvarande betringar i helsetilstanden og utjamning av helseskilnader for fattige menneske i lav- og mellominntektsland.

Kåre Moen og Elia John Mmbaga leiar prosjektet «Pragmatic Trial for HIV Pre-Exposure Prophylaxis Roll-Out in Tanzania» som har fått støtte frå GLOBVAC. Sjølv om førekomsten av HIV i Tanzania har gått ned, har HIV framleis høg førekomst blant homofile menn og kvinnelege sex-arbeidarar. Preeksponeringsprofylakse (PrEP) – bruk av medisinar for å førebygge hiv-infeksjon – har ikkje vore tilgjengeleg for desse gruppene i Tanzania, men har potensial for å væra eit viktig bidrag for å få ned førekomsten av HIV-tilfelle. Prosjektet skal dels undersøke korleis PrEP blir forstått, brukt og opplevd i desse gruppene og dels utvikle og teste ein mobilhelseapplikasjon for rekruttering til og oppfølging av PrEP-bruk. 

Universitetet i Oslo ved Kåre Moen samarbeider om prosjektet med Muhimbili University of Health and Allied Sciences i Tanzania ved Elia John Mmbaga. 

10 millionar – FRIPRO

Vitskapeleg kvalitet er det avgjerande kriteriet for løyvinga. FRIPRO støtter den frie forskinga, som sikrar nasjonal kunnskapsberedskap i møtet med framtidas utfordringar for næringsliv og samfunn.

Øyvind Næss har gjennom programmet fått støtte til prosjektet «Inequalities in non-communicable diseases: Indirect selection or social causation?». Prosjektet vil undersøke kva underliggande individuelle trekk har å sei for sosioøkonomiske ulikheitar og risiko for ikkje-smittsame sjukdomar.

– Avanserte velferdsstatar har mislykkast i å utjamne ulikheitar i helse. Å studere kva påverking slike underliggande trekk har, kan vera avgjerande for å betre forstå mekanismane som spelar inn, seier Næss.

Ventar tilslagsbrev

Den samla søknadssummen for dei seks prosjekta utgjer 73 millionar kroner. Ettersom ikkje alle tilslagsbreva er motteke enda, er det førebels ikkje avklart kva den samla støtta vil kome på.

Dei seks prosjekta er innvilga innan forskingsrådets program: HELSEVEL, BEHANDLING, GLOBVAC, FRIPRO OG SAMKUL.

Faktaboks

Haust 2018

  • HELSEVEL: Oddvar Kaarbøe «Modernizing the GP scheme: towards sustainable health policy», Søknadssum, ca. 15. millionar:
  • BEHANDLING: Morten Lindbæk «Better treatment for Acute Sinusitis In primary health Care». Søknadssum ca. 15. millionar. 
  • GLOBVAC: Kåre Moen «Pragmatic Trial for HIV Pre-Exposure Prophylaxis Roll-Out in Tanzania», Søknadssum ca. 15. millionar.
  • FRIPRO: Øyvind Næss, «Inequalities in non-communicable diseases: Indirect selection or social causation?», Søknadssum ca. 10.millionar.

Vår 2018

  • SAMKUL: Kari Nyheim Solbrække «Rethinking Cancer Survivorship», ca. 9. millionar
  • SAMKUL: Anne Kveim Lie «Prosjekt: Biomedicalization from the inside out», ca. 9.millionar.
Publisert 8. jan. 2019 08:48 - Sist endret 9. jan. 2019 12:38