Nye midlar til Helsam gjennom Helsevel og Samkul

Senter for medisinsk etikk, Avdeling for sjukepleievitskap og Avdeling for samfunnsmedisin og global helse, har nyleg blitt tildelt 12 millionar kvar i forskingsmidlar som  etterløyvingar gjennom Helsevel og Samkul.

Tidelingane går til prosjekta Førehandssamtalar for alvorleg sjuke heimebuande eldre, v/prosjektleiar Reidar Pedersen (Helsevel); Samhandling for betre tannhelseteneste til heimebuande pasientar, v/prosjektleiar Ragnhild Hellesø (Helsevel); og Frå Asia til Afrika: Antibiotikaens vegar over det indiske hav, v/prosjektleiar Heidi Fjeld (Samkul).

Tildelinga er etterløyvingar frå søknadsfristen i 2019. Hovudstyret i Forskingsrådet har auka tildelingane i 2020, ved å innfri fleire av dei støtteverdige søknadane frå fjorårets utlysing.

Førehandssamtalar for alvorleg sjuke heimebuande eldre

Det overordna formålet med prosjektet er å betre helsetenesta for alvorleg sjuke eldre pasientar som bur heime, samt for deira pårørande.  Dette skal ein oppnå gjennom implementering av førehandssamtalar.

profilbilde Reidar Pedersen. Smiler, kort hår, blå skjorte, vinrød bakgrunn.
Professor Reidar Pedersen

Prosjektet bygger på dei same prinsippa som det no avslutta prosjektet om Førehandssamtalar i sjukeheim.

– Eldre pasientar og deira pårørande er ofte uttilstrekkelig involvert i diskusjonar som gjeld eigen omsorg- og behandlingssituasjon. Førehandssamtalar har vist seg å være en god metode for å utforske kva verdiar og preferansar som er viktig for pasienten, slik at ein kan skreddarsy framtidig helsehjelp og omsorgsavgjersler i tråd med pasientens ønsker. Førehandssamtalar vil slik også bidra til meir effektiv og integrert behandling, og kunne redusere personlig belastning og overbehandling, fortel professor Reidar Pedersen.

Prosjektet har fleire samarbeidspartnarar, blant desse er Avdeling for helseleiing og helseøkonomi og Avdeling for tverrfagleg helsevitskap.  

Samhandling for betre tannhelseteneste til heimebuande pasientar (CORAL)

Det overordna formålet med prosjektet er å utvikle ny kunnskap om behov for og organisering av tannhelsetenester til eldre pasientar som bur heime.

Profilbilde Hellesø. Smiler, halvlangt mellomblondt hår, briller, sommerskjerf, grønn bakgrunn
Professor Ragnhild Hellesø

– Dei heimebuande pasientane treng samordna og koordinerte tenester, der god tannhelse er ein viktig del. Prosjektet skal derfor identifisere kva som hemmar og kva som fremmar tannhelsetenesta til denne pasientgruppa. Me skal også utvikle og teste ein vitskapelig modell som sikrar ei forsvarlig teneste og betre samhandling mellom tannhelsetenesta og kommunehelsetenesta, forklarar professor Ragnhild Hellesø.

Prosjektet som er leia av universitetet i Oslo, vil bli utført i samarbeid med Kompetansesenteret for tannhelsetenester øst (KTØ), NTNU Gjøvik, Sintef, Pensjonistforbundet, Høgskulen Innlandet, UiT Norges arktiske universitet, Universitetet i Bergen, Utviklingssentre for sjukeheim og heimetenester (USHT), Humboldt-Universität zu Berlin, University of Groningen og VAR Healthcare.

Frå Asia til Afrika: Antibiotikaens vegar over det indiske hav

Den globale marknaden for antibiotika er i hurtig endring, og stadig meir av produksjon skjer i det globale sør. Dette prosjektet skal følge antibiotikaens vegar frå Kina og India til, og innanfor, Tanzania. Det overordna formålet med prosjektet er å utvikle teori om farmasøytiske forbindelsar i det globale sør, samt å bidra til ein meir berekraftig og kontekstsensitiv bruk av antibiotika for menneske, dyr og miljøet. 

Profilbilde Heidi Fjeld. Smiler, langt lyst hår, sort genser, murbygning som bakgrunn.
Førsteamanuensis Heidi Fjeld

–  Dette prosjektet kombinerer metodar og teori frå antropologi, historie, medisin og bioingeniørfag, og er eit svar på oppmodinga frå blant andre WHO og The Lancet om å bringe inn perspektiv frå samfunnsvitskap og humaniora til studiar av antibiotikaresistens. Konkret vil prosjektet undersøke straumen av aktive farmasøytiske ingrediensar og generiske antibiotika frå Kina og India, over den historiske handelsruta i Indiahavet. I Tanzania studerer me nasjonale forskrifter og sirkulasjonsmønstre av antibiotika i formelle og uformelle marknader. I den rural Kilimanjaro-regionen vil me undersøke korleis små og store gardar bruker antibiotika til menneske, dyr og i åkrane, fortel førsteamanuensis Heidi Fjeld.

Fjeld sine samarbeidspartnarar i prosjektet er Anne Kveim Lie, Christoph Gradmann, Lise Bjerke, Ruth Prince, Muhammad Zaman (Boston), Unni Gopinathan (FHI), Heidi Østbø Haugen (IKOS), Hipolite Danstan (Tanzania Food and Drug Authority).

 

Av Thea Cecilie Engelsen
Publisert 13. mai 2020 15:27 - Sist endret 15. mai 2020 08:37