Johanne skaper eit trygt læringsmiljø der ingen spørsmål er dumme

Studentane har bestemt kven som får undervisningsprisen på profesjonsstudiet i medisin.

Bilde av Johanne Egge Rinholm.

Vinnaren blir skildra slik: «ho kombinerer høg fagleg kompetanse med ei eineståande evne til å formidla komplisert stoff på ein enkel, strukturert og pedagogisk måte». Foto: Hanna Sætre Sollien, UiO.

Av Hanna Sætre Sollien
Publisert 17. mars 2026

17. mars blei Johanne Egge Rinholm tildelt undervisningsprisen 2026 under foreiningsdagen på Domus Medica. Rinholm er førsteamanuensis i seksjon for fysiologi på Institutt for medisinske basalfag.

Dei tre kandidatane som vart nominert til årets undervisningspris var Anne Margarita Dyrhol Riise, Søren Erik Pischke, og Johanne Egge Rinholm. 

Bilde av dekan Hanne Flinstad Harbo, Anne Margarita Dyrhol Riise, Søren Erik Pischke, Johanne Egge Rinholm og studiedekan Magnus Løberg.
I midten står dei tre kandidatane til undervisningsprisen, som blei hedra med fine blomar. Alle på bildet frå venstre: dekan Hanne Flinstad Harbo, Søren Erik Pischke, Anne Margarita Dyrhol Riise, Johanne Egge Rinholm og studiedekan Magnus Løberg.

Ei tydeleg overvekt av stemmene gjekk til Rinholm.

– Det er kjempestas og rett og slett ei ære å bli tildelt prisen! Det er jo studentane som veit korleis undervisninga blir opplevd, fortel vinnaren.

– Kva tenkjer du at du lukkast med i undervisninga di?

– Eg likar godt å undervise, og studentane er så flinke. Så kanskje det synast at eg kosar meg – at eg blir engasjert av at dei er engasjerte.

Trygt og aktivt læringsmiljø for studentane

Ifølgje studentane utmerkar Rinholm seg gjennom hennar entusiasme, tydeleg formidling og evna til å tilpassa undervisninga. Ho blir særleg trekt fram for å skapa eit trygt læringsmiljø der ingen spørsmål er dumme.

– Det er veldig fint å høyra. Etter Covid har enkelte studentgrupper vore litt stille, så vi har jobba med å skapa eit tryggare læringsmiljø, forklarar ho.

Studentane rosar henne også for engasjerande undervisning, der dei får delta aktivt gjennom quizar, dialog og interaksjon.

Studenter tar selfie sammen med prisvinner Johanne Egge Rinholm.
Studentane måtte sjølvsagt ta ein "selfie" saman med prisvinnaren!

– Om det er vanskelege tema, prøver eg å konkretisera, komma med eksempel, få dei til å diskutera to og to, og ha fokus på interaksjon. Som regel har eg òg ein quiz på slutten av kvar førelesing, fortel ho.

For meg er det luksus å undervisa medisinstudentane

På spørsmål om kva ho synest er mest krevjande i undervisarrolla, svarar Rinholm:

– Medisin er ganske teoritungt og faktatungt, så det kan vera krevjande å halda på merksemda til studentane.

Rinholm underviser hovudsakleg i reproduksjon, membranar og membrantransport – tema som medisinstudentane møter tidleg i studiet, på første og andre året.

– Studentane kjem inn med ulik erfaring og fagleg bakgrunn, nokre har ikkje hatt biologi på vidaregåande, for eksempel. Eg prøver å leggje opp undervisninga slik at alle får eit godt utbytte og samtidig blir utfordra vidare, seier ho.

Rinholm vektlegg at det på mange måtar er rein luksus å undervisa medisinstudentar, fordi dei er så flinke.

– Eg lærer utruleg mykje av dei, både gjennom gode spørsmål og fordi dei ofte har lese om ting som eg ikkje har sett på enno, avsluttar prisvinnaren.

Les mer

Undervisningsprisen i profesjonsstudiet medisin

Professor Farrukh Abbas Chaudhry vinner undervisningsprisen ved MED 2025

Professor Marit Inngjerdingen mottok den første undervisningsprisen ved MED 2024

Publisert 17. mars 2026 12:34 - Sist endret 17. mars 2026 15:48