Menn er overrepresenterte i sjølvmordsstatistikken. No skal dei under lupa

Middelaldrande og eldre menn utgjer om lag ein fjerdedel av innbyggarane i Noreg, men dei står for nesten halvparten av sjølvmorda.

Perioden midt i livet er både ei krisetid og ei tid der mange er på sitt beste. Framfor alt er det ei tid der livet kan opplevast svært ulikt, ifølgje Ping Qin, professor ved NSSF. Foto: Ryan Arnst/Unsplash.

Det har vore lite forsking på årsakene til sjølvmord blant middelaldrande og eldre menn, trass i at dei er overrepresenterte i statistikken: I 2021 tok 658 nordmenn livet sitt. 482 av desse, altså rundt tre av fire, var menn, ifølgje tal frå Folkehelseinstituttet som presenterast i Dødsårsakregisteret.

Dette ønskjer forskarar ved Nasjonalt senter for selvmordsforskning og -forebygging (NSSF) å undersøke nærmare.

– Her er det eit kunnskapsgap å fylle. Sjølv om sjølvmordsførebyggande tiltak skal dekke alle grupper i folket, er det truleg eit ekstra stort potensiale i denne gruppa. Men vi treng meir kunnskap for å kunne førebyggje effektivt, seier Ping Qin, professor i medisin og suicidologi ved NSSF.  

– Kjønn betyr noko

I eit nytt prosjekt vil forskarar bruke data frå ulike befolkningsregister til å studere sjølvmord blant alle menn som er 40 år eller eldre. Korleis er sjølvmord kopla til sosiodemografiske variablar som inntekt, utdanning og sivilstatus? Spelar det noko rolle kva posisjon mennene har i samfunnet? Korleis påverkar negative livshendingar, og kva med noverande og tidlegare psykisk helse?

Alt dette er faktorar som har stor potensiell forklaringsverdi for sjølvmord, ifølgje forskarane. Ved å sjå på data som går langt bakover i tid og omfattar fleire tusen sjølvmord, vil dei kunne danne seg eit bilete av kva risikofaktorar som dominerer blant mennene – og også kva faktorar som kan beskytte.  

– Frå før veit vi at sosioøkonomiske vanskar, som lav inntekt og utdanning, arbeidsløyse og skilsmisse påverkar menns sjølvmordsrisiko sterkare enn kvinners. Mentale helseproblem og fysisk sjukdom har relativt sterkare påverknad på kvinner. Slike funn tydar på at kjønn betyr noko, seier Ping Qin.  

Søker sjeldnare hjelp

Menn kontaktar sjeldnare enn kvinner helsetenestene for å få hjelp med depresjon, angst og andre psykiske problem. I 2020 var berre 40 prosent av pasientane i norsk vaksenpsykiatri menn, ifølgje Helsedirektoratet.  

– Det er ein sjanse for at ein relativt stor del av dei mennene som tar sitt eige liv, har psykiske problem men ikkje søkjer hjelp. Kva er det i så fall som hindrar dei i å oppsøke hjelp? Dette er noko vi ønskjer å sjå nærmare på, seier senterleiar og professor Lars Mehlum ved NSSF, som står bak prosjektet saman med Qin.

Mehlum påpeikar at dei nasjonale registera har data på alle sjølvmord, ikkje berre dei som var i kontakt med hjelpetenestene.

– Det ønskjer vi å utnytte i dette prosjektet, seier han.

Aldersspennet mellom 40 og 65 år er ofte ein periode med både utfordringar og moglegheiter, ifølgje forskarane. Medan forventningane frå samfunnet rundt kan auke, kan ein del oppleve at helsa blir dårlegare.

Samtidig opplever mange auka sjølvtillit og at dei bidrar meir til samfunnet rundt, for eksempel ved å ta på seg verv eller få auka ansvar på jobben.

Andre risikofaktorar midt i livet

– Perioden midt i livet er dermed både ei krisetid og ei tid der mange er på sitt beste. Framfor alt er det ei tid der livet kan opplevast svært ulikt. Dette betyr også at risikofaktorane for sjølvmord truleg manifesterer seg på ein annan måte enn i alderdommen, seier Ping Qin.

Etter 65 er det gjerne andre utfordringar som slår inn: Mange opplever å finne ei meining i livet, og dei klarer å handtere kjenslene sine. Andre opplever sjukdom, svekka mental kapasitet og endringar i økonomi og livet elles.

Qin understrekar at sjølvmord er eit samansett fenomen.

– Ofte handlar det om eit samspel mellom nylege livshendingar og tidlegare erfaringar. Den motstandskrafta ein person har tileigna seg i løpet av livsløpet spelar inn, og det same gjer støtte og omsorg frå andre.

I dette prosjektet vil forskarane vurdere påverknaden av ei rekkje faktorar.

– Forhåpentleg vil vi identifisere nokre kritiske punkt der førebyggande innsats kan gjere ein skilnad, seier Ping Qin.  

 

 

Av Silje Pileberg
Publisert 22. sep. 2022 13:20 - Sist endret 27. sep. 2022 13:20