– Å ha ein jobb, kan bety meir for psykisk helse enn vi har visst

Det å stå utanfor arbeidslivet eller vere sjukmeld, aukar risikoen for at unge vaksne skadar seg sjølve med vilje, ifølgje ei ny doktoravhandling. 

Foto av mann med mørkt hår som smiler svakt

Psykolog Ketil Berge Lunde etterlyser eit tettare samarbeid mellom Nav og helsetenestene. – I tillegg til oppfølging i psykisk helsevern, bør folk få tilbod om hjelp til å komme i arbeid eller halde på den jobben dei har, seier han. Foto: Silje Pileberg

Av Silje Pileberg
Publisert 18. juni 2025

Kvart år blir rundt 6.400 nordmenn innlagde på sjukehus etter villa eigenskade, som inneber å skade seg sjølv anten med eller utan intensjon om å ta livet sitt. Halvparten er under 35 år.

Ifølgje ei ny doktoravhandling er låg utdanning og sjukmelding dei to viktigaste risikofaktorane. 

– Det å etablere seg i arbeidslivet er ein viktig utviklingsmilepæl for unge vaksne. Vi ser at dei som står utanfor arbeidslivet, har høgare risiko for villa eigenskade, seier psykolog Ketil Berge Lunde, som nyleg fullførte ei doktoravhandling ved Nasjonalt senter for selvmordsforskning og -forebygging (NSSF). 

Sjukmelding gjer dei med høg utdanning utsette  

Noko som overraska han, var at det å vere, eller ha vore, sjukemeld, berre auka risikoen for dei med høg utdanning. 

– Vi kan tenkje oss at dei som har tatt høg utdanning, kjenner meir på belastninga ved å vere sjukmeld. Kanskje er arbeidspresset eller ambisjonane høgare, og kanskje knyt dei meir av identiteten sin til jobb og prestasjon, seier han. 

Lågt utdanna er i risikosona

For dei med grunnskuleutdanning var risikoen for sjukehusinnlegging etter villa eigenskade i utgangspunktet høgare enn for dei med høg utdanning. 

Men her fann Lunde og kollegaene at sjukmelding faktisk var ein beskyttande faktor: Risikoen var altså lågare blant lågt utdanna viss dei var, eller hadde vore, sjukmelde. 

– For å vere sjukmeld, må du ha ein jobb i utgangspunktet. Truleg er det dette som dreg opp. Har du derimot låg utdanning og slit med å kome inn på arbeidsmarknaden, kan dette vere ein tydeleg risikofaktor. 

Fleire lågt utdanna kan ha opplevd at psykiske vanskar debuterte i ungdomsåra og gjorde jobb eller vidare utdanning vanskeleg, legg han til. 

Meiner Nav og helsetenester bør samarbeide 

Lunde etterlyser no eit tettare samarbeid mellom Nav og helsetenestene. 

– Når vi skal følge opp unge vaksne som skadar seg sjølve, er det viktig at vi både adresserer dei psykiske vanskane og den utløysande stressfaktoren. I tillegg til oppfølging i psykisk helsevern, bør folk få tilbod om hjelp til å komme i arbeid eller halde på den jobben dei har, seier han. 

Studien, som stod publisert i tidsskriftet Social Psychiatry and Psychiatric Epidemiology, omfatta nær 10.000 sjukehusinnleggingar i perioden 2008-2013. Både sosioøkonomisk status, siviltilstand og fleire andre faktorar påverka risikoen for sjukehusinnlegging, men arbeidssituasjonen betydde mest. 

Ketil Berge Lundes doktoravhandling er finansiert av Norges forskningsråd og tilgjengeleg her.
 

Publisert 18. juni 2025 12:17 - Sist endret 18. juni 2025 12:19