Éi gruppe barn blir sjeldan sett av hjelpeapparatet

Når barn opplever at ein forelder prøver å ta livet sitt, kan dei kjenne på skuld og forbodne tankar. Fleire av barna har få vaksne å støtte seg til, ifølgje Grete Lillian Moen. 

Smilende kvinne i femtiårene med kort blondt hår og hvit genser.

Grete Lillian Moen hadde sjølv ein forelder som prøvde å ta livet sitt. I ei masteroppgåve har ho intervjua unge som har opplevd det same. Foto: Silje Pileberg

Av Silje Pileberg
Publisert 7. jan. 2026

For 40 år sidan kom Grete Lillian Moen heim til beskjeden om at mora hadde prøvd å ta livet sitt. 

Ho var snart 17 år og hadde vakse opp med ei forteljing om at mor hennar blei sjuk då ho vart fødd. Men det var først i tenåra, då depresjonen og angstanfalla til mora kom tilbake, at ho hadde forstått kva «sjuk» betydde. 

– Då sjølvmordsforsøket skjedde, var det faktisk ein letnad. Det kjendest frigjerande at ho vart innlagd. Det var berre vondt å ha henne heime og vere vitne til angstanfalla, utan å vite kva eg skulle gjere, seier Moen, som i dag er klinisk barnevernspedagog og familieterapeut ved RBUP Øst og Sør.

Har intervjua unge pårørande

I dag held Moen, saman med to kollegaer, kurs om korleis ta vare på barn når ein forelder har sjølvmordsåtferd. Ho har skrive boka «Barns møte med psykisk lidelse», og i juni 2025 fullførte ho ei masteroppgåve om temaet.

I oppgåva har ho intervjua seks kvinner i tjueåra. Alle har, som barn eller ungdommar, erfart at ein forelder har prøvd å ta livet sitt. Fem av seks har opplevd det ho sjølv opplevde: å måtte takle hendinga utan hjelp frå helsevesenet.

– Eg skulle ønske eg kunne seie at vi har kome mykje lenger i dag, seier Moen.

I staden fann ho at ungdommane hadde hatt tankar og reaksjonar som dei skamma seg over. Fleire kjende på skuld, og dei hadde få vaksne å støtte seg til.

«Jeg hadde trengt en voksen»

«Amanda» var 14 år då ho vakna til beskjeden om at mor hennar hadde prøvd å ta livet sitt. Storesøstera fortalde det og forsøkte å skjerme henne. Då ambulansen køyrde med mor, hadde ingen snakka med barna. Dei blei sitjande att åleine.

Til Moen seier «Amanda»:

«(…) når du er litt yngre er jo ambulanse sånn, litt sånn skummel ting, (…) da kunne jeg ønsket at en kom inn på kjøkkenet der vi var, der vi satt. Det hadde ikke trengt å være noe langt, men bare at vi, nå skal vi passe på mamma, liksom (…) Også kunne jeg ønske at vi fikk en samtale til. Litt senere.» (Moen, 2025, s. 43)

Fleire av ungdommane fortel at dei reagerte på sjølvmordsforsøket med sinne. «Dorte», som var 13 år da ho fann mora etter eit sjølvmordsforsøk, klandra også seg sjølv:

«Jeg hadde trengt en voksen som kom inn og forstyrret de indre samtalene jeg hadde med meg selv der, og som sa noe om at ja, sant, at det var ikke min feil, og dette skulle aldri skjedd.» (Moen, 2025, s. 39).

Forbodne tankar 

Sjølv tenkte Grete Lillian Moen mange tankar som ho aldri delte med nokon, både om ansvaret ho følte for mora sin sjukdom og reaksjonen på det som hadde hendt.

Men eitt år etter sjølvmordsforsøket sa ho til ei veninne at ho ikkje forstod kvifor Gud let mora overleve. Ho var jo framleis så sjuk, og ho skreik ting som «Eg vil døy, eg vil døy, ta meg heim, ta meg heim.»

«Så døy, da, mamma,» kunne Moen tenkje.

Men svaret ho fekk frå venninna, var: «Du ønskjer ikkje mor di død».

– Det gjekk mange år før eg sa det igjen.

I dag kunne ho ønskje at nokon hadde hjelpt henne å sortere tankane.

– Det var jo det sjuke eg ville ha bort, ikkje mor mi.

Den viktige sjukepleiaren

Éin person i helsevesenet vart viktig: ein sjukepleiar som like etter sjølvmordsforsøket ga familien nøytral klinisk informasjon om kva som hadde hendt, utan å vere lei seg i stemma.

– Eg veit ikkje om ho gjorde det bevisst, men det var ein kunst av henne, for eg var livredd for å begynne å gråte.

Etterpå vart det å ha ein stabil far, og ei nærverande mormor, avgjerande. Men sjølvmordsforsøket snakka dei lite om.

Blant dei kvinnene Moen intervjua, var det éi som fekk profesjonell hjelp: «Evita» fortel både om ein far som tok vare på henne og om varme, forståing og omsorg frå hjelpeapparatet. Her vart ho forsikra om at alle kjensler og reaksjonar var normale.

– Ho fortel også at ho ikkje veit korleis det ville gått med henne utan denne oppfølginga.

Meiner hjelpeapparatet sviktar 

Informantane til Moen er tydelege på éin ting: Dei skulle ønske at nokon hadde fortalt dei at det forelderen sleit med, ikkje var deira feil eller ansvar.

– Her meiner eg at vi sviktar som hjelpeapparat. I dei tilfella der ein forelder faktisk tar livet sitt, blir det kopla på støtteapparat og kriseteam. Men i dei fleire tusen årlege tilfella av sjølvmordsforsøk, ser vi berre pasienten. Svært få mindreårige får tilbod om oppfølging.

Det at ein forelder nesten har forlate deg, er brutalt, poengterer ho.

– Det er lett å tenkje: «Eg er ikkje verdt å leve for.»

Har erfart at helsepersonell kvir seg for å spørje

Ifølgje eit pågåande doktorgradsarbeid av Geir Tarje Bruaset ved VID vitenskapelige høgskole, ønskjer foreldre med sjølvmordsforsøk bak seg, å få hjelp til å snakke med barna sine.

– Vi må våge å vere med inn i skamma, smerta og dei ambivalente kjenslene, både hos den vaksne og hos barna. Vi må stille opne spørsmål. I kurset vårt har vi sett at mange i helsevesenet kvir seg for dette, seier Moen.

Barn som pårørande er for første gong med i den nasjonale faglege retningslinja for førebygging av sjølvmord: «Hvis pasienten har mindreårige barn eller mindreårige søsken, må behandler sikre at barnas behov for informasjon og oppfølging blir kartlagt og ivaretatt (…)», står det i kapittel 4. 

Men det er lett å krysse av for at barna er ivaretekne når dette blir kartlagt rundt om på akuttavdelingane, meiner Moen. Kanskje har ein forelder sagt at det er tilfelle, men så er det ikkje slik likevel.

– Særleg i den akutte fasen meiner eg at vi må vere til stades som helsepersonell. Då er såret ope, og det er lettast å snakke om det. Når det har gått ei tid, er det mykje vanskelegare å komme til.

Denne saka har stått publisert i tidsskriftet Suicidiologi. 

Referansar:

Moen, G. L. (2012). Barns møte med psykisk lidelse (2. utg.). Cappelen Damm Akademisk.

Moen, G. L. (2025). «Det var ikke mitt ansvar. Det skulle det aldri vært» En kvalitativ studie av unge pårørendes erfaringer knyttet til en forelders selvmordsforsøk [Masteroppgåve]. VID vitenskapelige høgskole.

Publisert 7. jan. 2026 10:32 - Sist endret 7. jan. 2026 10:32