Her har akutteamet faste rutinar for samtalar med barn

Barn av foreldre som har forsøkt å ta livet sitt, kan bli gløymde av helsevesenet – men ikkje av akutteamet ved Nedre Romerike DPS.

Gutt ved havet som titter på en voksen mann og et barn

Barn kan fange opp meir enn ein trur, og mange tar på seg skuld for foreldre sin sjukdom. Illustrasjonsfoto: Katherine Chase/Unsplash.com

Av Silje Pileberg
Publisert 22. jan. 2026

Akutteamet ved Nedre Romerike DPS, som trer inn ved alvorlege livskriser, tilbyr ei særskilt oppfølging av barn når ein forelder strevar alvorleg psykisk eller har forsøkt å ta livet sitt. 

Les også: Éi gruppe barn blir sjeldan sett av hjelpeapparatet 

Vegard Venås Sørensen, Synnøve Langva Skarsvåg og Kristin Normann Wergeland er alle tilknytte akutteamet og fortel at arbeidet krev ressursar, men at dei likevel trur det er verdt innsatsen.

– Mange foreldre fortel at samtalane hos oss har vore ei skikkeleg god oppleving og at det har kome noko godt ut av det, både for barna og dei sjølve. Vi trur at samtalane både kan hjelpe den sjuke, som ofte kjenner på skam og dårleg samvit, og at det er førebyggjande for barna, seier dei.

Planleggingssamtale med foreldre i forkant

Teamet kartlegg allereie ved første telefon om pasienten har barn. Ved første møte informerer dei om at dei tilbyr, og tilrår, å gjennomføre ein informasjonssamtale med barna.

Men før ein slik informasjonssamtale, har to frå teamet ein planleggingssamtale med barnets foreldre. Her fortel dei mellom anna om vanlege reaksjonar: at barn ofte fangar opp meir enn ein trur og at mange tar på seg skuld.

To kvinner og en mann som smiler
– Mange fortel at samtalen hos oss har starta samtalar heime, seier Kristin Normann Wergeland (f.v.), Vegard Venås Sørensen og Synnøve Langva Skarsvåg. Foto: Hege Sævareid Wickholm

Teamet får også viktig informasjon frå foreldra, for eksempel om kva barnet veit. Saman planlegg dei korleis informasjonssamtalen skal bli gjennomført og kva ord som kan brukast.

Bruker leiker og teikningar i samtalane

Neste trinn er informasjonssamtalen, der to frå teamet deltar, i tillegg til barna og som oftast foreldra. Barn heilt ned i toårsalderen har vore inne til samtalar, då saman med søsken.

– Vi er opptekne av å gje alle ei fin oppleving. Vi serverer kjeks, saft og frukt, og med yngre barn bruker vi ofte Lego, Dupplo eller teikningar til å snakke om situasjonar, fortel dei tre.

Nokon barn pratar mykje, andre lite. Alt er greitt.

– Dette skal ikkje handle om prestasjon. Vi fortel positive ting vi har høyrt om barna, vi fortel om det forelderen slit med og om vanlege reaksjonar hos barn. Så spør vi kanskje om dei har opplevd noko liknande. Vi legg vekt på at det som skjer, ikkje er barnet si skuld.

Barna stiller spørsmål dei har lurt på lenge

At det er vaksne i hjelpeapparatet, og ikkje barna sjølve, som har ansvaret for å hjelpe forelderen, blir også formidla.

– Vi ønskjer dessutan å opne for at familien kan snakke vidare om temaet heime. Det skal vere trygt for barn å spørje om ting. Foreldra må gje barna eksplisitt løyve til å snakke om det som skjer med vaksne dei har rundt seg. Barn er ofte svært lojale.

Nokre gonger har barn fått svar på ting dei har gått og lurt på lenge.

– Det har vore fleire rørande stunder mellom foreldre og barn.

Dei trur at mange behandlarar kvir seg for å ta opp sjølvmord som eit tema.

– Men hos oss prøver vi alltid å setje ord på dette i dei sakene der barna har erfart, eller kanskje fryktar, eit sjølvmordsforsøk.

Har starta samtalar heime

Nokon foreldre har vore bekymra for at samtalen skal lage nye bekymringar for barna. Målet er det motsette: Barna skal forstå meir, kjenne seg trygge og vite kvar dei kan få hjelp.

Av og til formidlar teamet kontakt med helsesjukepleiar på skulen. Dei har også tilvist enkelte barn til barne- og ungdomspsykiatrien.

Siste samtale er ein ettersamtale, stort sett med to frå teamet og foreldra. Her snakkar dei om informasjonssamtalen og korleis barna har hatt det i etterkant, i tillegg til å vurdere om barna treng vidare oppfølging.

– Mange fortel at samtalen her har starta nokre samtalar heime. Fleire har opplevd at barna etterpå har turt å seie frå om ting dei før ikkje turte eller følte at det var plass til. Dette har hjelpt foreldre til å ta tak i vanskar som har oppstått.

Vegard Venås Sørensen er psykologspesialist på Akutteamet og Synnøve Langva Skarsvåg er koordinerande barneansvarleg ved DPS Nedre Romerike, del av Akershus universitetssykehus (Ahus). Kristin Normann Wergeland har vore med i Ahus si arbeidsgruppe i samband med høyringa av den nasjonale faglege retningslinja. Ho underviser også DPS-tilsette i sjølvmordsførebygging. Akutteamet får vegleiing av Synøve Magnussen Wiig, spesialrådgjevar ved RVTS Øst.

Denne saka har stått publisert i tidsskriftet Suicidologi. 

 

 

Publisert 22. jan. 2026 14:25 - Sist endret 11. mars 2026 13:29