Gransking av alle sjølvmord: – Målet er ikkje å leite etter syndarar

I trafikken har ulykkestala blitt dramatisk reduserte. Eitt av verkemidla var årsaksanalyser av dødsulykker. Kan desse erfaringane overførast til sjølvmordsførebygging?

Bildet kan inneholde: vann, væske, bilbelysning, veibane, væske.

I Regjeringas handlingsplan for førebygging av sjølvmord skisserast det ein nullvisjon for sjølvmord. Eitt av grepa er å granske alle sjølvmord, både i psykiatrien og utanfor. Dette vil gje ny kunnskap om korleis sjølvmord kan førebyggast, ifølgje handlingsplanen.

– Vi har henta inspirasjon frå Statens vegvesen. Etter at Stortinget hadde vedteke ein nullvisjon for drepne og hardt skadde i trafikken, gjekk Vegvesenet systematisk til verks. Etter det har mange liv blitt sparte, seier statssekretær Maria Jahrmann Bjerke i Helse- og omsorgsdepartementet (HOD).

Ho understrekar at det er store skilnader på førebygging av trafikkulykker og sjølvmord.

– Men poenget er den systematiske tilnærminga. Vi meiner at her er det noko å lære.

Pilotarbeidet startar i 2021

I statsbudsjettet for 2021 er det sett av to millionar kroner til å starte arbeidet med eit pilotprosjekt der ein undersøkjer korleis kvart enkelt sjølvmord kan kartleggjast. Folkehelseinstituttet (FHI) har fått i oppdrag å utvikle og gjennomføre piloten og vil samarbeide med fleire aktørar.

I etterkant skal FHI kome med tilrådingar for vidare kartlegging av alle sjølvmord på nasjonalt nivå, ifølgje oppdraget. FHI har vurdert at prosjektet bør ha ei ramme på to år.  

Bjerke er open for at pilotprosjektet viser at tilnærminga kanskje ikkje vil gi alle svar som trengst.

– Dette er eit stort utviklingsarbeid, så vi kan ikkje på førehand vite om denne tilnærminga vil gje oss det vi treng i arbeidet med sjølvmordsførebygging. Det kan jo vere at ein ikkje finn eit klart mønster når det gjeld samanfallande årsaker, seier ho.

Ho har likevel trua på at ein bør forsøke.

– Kanskje kan ei slik tilnærming gje oss meir kunnskap om kvifor folk vel å ta livet sitt og fleire verktøy for å møte denne utfordringa.  

Erfaringane frå piloten vil leggjast til grunn for ein gjennom­gang av alle sjølvmord på nasjonalt nivå.

Systematisk arbeidsmetode

I Statens vegvesen har ei tverrfagleg gruppe gjennomført årsaksanalyser av dødsulykker. Dette har vore mogleg på grunn av varsling og registrering av alle ulykkene, tekniske undersøkingar og utrekningar, samt tilgang på informasjon frå ulike kjelder. Ifølgje handlingsplanen kan arbeidsmetoden for gransking av sjølvmord ta utgangspunkt i denne modellen.

– Det vi ser føre oss, er ein systematisk arbeidsmetode der kvart einaste sjølvmord blir gjennomgått og analysert. Det gjeld både sjølvmord innan helsetenesta og utanfor. Vi håper at det vil gje oss meir kunnskap om bakgrunnen for sjølvmord og dei ulike årsakene.

Bjerke ser føre seg at samanstillingar av denne kunnskapen kan danne bakgrunn for førebyggingstiltak.

Halvparten av sjølvmord blir ikkje kartlagde

I dag skal det opprettast tilsynssaker for alle sjølvmord i helsetenestene. Ifølgje NRK finst det likevel inga samla oversikt over utfallet av desse tilsynssakene.

Tilsynssakene er dessutan avgrensa til sjølvmord der personen har hatt kontakt med psykisk helsevern siste året. Dette er same gruppa som omfattast av det nasjonale kartleggingssystemet for sjølvmord. Det inneber at omtrent halvparten av sjølvmord i Noreg ikkje blir kartlagde.

– Det gjerast eit enormt godt arbeid i helsetenestene. Men noko av planen er å løfte sjølvmordsproblematikken og førebyggande arbeid ut til også andre samfunnsområde. Mange sjølvmord skjer blant menneske som ikkje har vore i kontakt med helsetenestene, seier Bjerke. 

Vil avdekke kunnskapshol

– Har de grunnlag for å tru at de vil finne mange fellesnemnarar når de undersøkjer sjølvmord på eit breiare plan?

– Det er vanskeleg å seie. Men vi kan ikkje sjå bort frå at vi vil sjå enkelte samanfallande årsaker.

– Korleis kan de nærme dykk dette utan å legge stein til byrda hos pårørande eller andre som står rundt?

– Målet er ikkje å leite etter syndarar, eller etter nokon som ikkje var der då dei burde ha vore der. Målet er å forsøke å få litt systematikk. I arbeidet med handlingsplanen såg vi fleire kunnskapshol både nasjonalt og internasjonalt. Vi trur dette kan betrast viss vi går systematisk til verks. 

Vitskaplege avgrensingar

Ifølgje overlege i psykiatri Arne Thorvik vil mange pårørande etter eit sjølvmord spørje seg korleis det kunne skje, og om det er noko dei kunne ha gjort for å hindre det. Han er ikkje negativ til ei systematisk oppfølging men trekkjer fram det han meiner er vitskapelege avgrensingar.

– Eg forstår at sjølvmord set i gang mange kjensler og behov for ei gransking. Men konklusjonar må trekkast med varsemd, for vegen til sjølvmord er så individuell, seier han.

Han meiner at trafikken er langt meir mekanisk fenomen

– Der er dødsfall lettare å førebygge i form av vegsperringar og midtdelarar. Men vi menneske er ikkje maskiner, vi er meir komplekse, meiner han.

Etterpåklokskap

Til ein viss grad vil ein kunne hindre sjølvmord ved hjelp av meir mekaniske tiltak, som til dømes å fjerne opphengspunkt på eit pasientrom. Nokon slike tiltak kan likevel opplevast som inngripande av den det gjeld og kanskje forverre situasjonen til vedkomande, ifølgje Thorvik.

Etterpåklokskap er eit fenomen som kan gjere seg sterkt gjeldande etter eit sjølvmord, forklarer han. 

– I ettertid vil ein ofte kunne sjå ein årsakssamanheng som ein ikkje såg før det skjedde. Eg har vore borti hendingsanalysar som hevdar at personen burde ha vore tvangsinnlagt. Men det er ikkje slik at tvangsinnleggingar generelt hemmar sjølvmord. I verste fall kan dei fremje sjølvmord.

– Trur du at ein kan lære noko av å granske sjølvmord og samle informasjonen?

– Ja, eg trur at du vil kunne finne nokon risikofaktorar.

Fellestrekk på tvers?

Generalsekretær Terese Grøm i organisasjonen LEVE ønskjer ein systematisk gjennomgang velkomen.

–  Vi ønskjer at alle sjølvmord skal kartleggast. Vi opplever også at mange etterlatne ønskjer å bidra, dei spør seg kvifor ingen har kome til dei og spurt om kva dei opplevde.

Ho ønskjer seg ei systematisk kartlegging og informasjonsinnsamling, som ikkje fordeler skuld eller ansvar.

– Då er sannsynet stort for at du begynner å få eit materiale som er stort nok til at du finn nokon fellestrekk. Kanskje finst det også fellestrekk som gjeld både utanfor og innanfor psykiatrien. Dette kan gje oss meir spissa tiltak overfor sjølvmordutsette, samtidig som inkluderinga av etterlatne i ei kartlegging gjer at denne gruppa blir betre tatt vare på, seier ho.

Av Silje Pileberg
Publisert 14. okt. 2021 00:00 - Sist endret 2. des. 2021 21:58