Sjølvmord under pandemien: – Vi ser i stor grad på eit augeblinksbilete

Professor David Gunnell er bekymra for kva følgjer den økonomiske nedturen etter pandemien vil få for sjølvmordstala. Han heldt eitt av innlegga på 11. nasjonale konferanse for selvmordsforskning og -forebygging.

Bildet kan inneholde: møbler, verden, bein, tv-programleder, fjernsyn.

Illustrasjonsbilete: Jose Antonio Gallego Vázquez/Unsplash

Sjølvmord og sjølvmorstankar under pandemien var eitt av fleire tema på 11. nasjonale konferanse for selvmordsforskning og -forebygging, der den britiske epidemiologiprofessoren David Gunnell presenterte oppdaterte, globale tal.

Konferansen som arrangerast annakvart år av Nasjonalt senter for selvmordsforskning og -forebygging (NSSF), hadde i år rekordstor oppslutnad med 438 deltakarar. Konferansen var for første gong heildigital.

David Gunnell tar del i ei kontinuerleg overvaking av internasjonale studiar om sjølvmordstal og sjølvmordsrelatert åtferd under covid-19. Også Lars Mehlum og Ping Qin, begge professorar ved NSSF, er med på prosjektet. I starten av mai hadde forskarane samla informasjon frå over 13.000 studiar. 

Ventar på nye tal

Bildet kan inneholde: briller, panne, nese, briller, smil.
Epidemiologiprofessor David Gunnell og kollegaene driv ei kontinuerleg overvaking av internasjonale studiar. Dei kan til ei kvar tid gje oppdatert informasjon om tala på sjølvmord og sjølvmordsrelatert åtferd under covid-19.

– Vi kjenner framleis ikkje pandemiens påverknad på sjølvmordstala. Det er sjølvsagt mange som er bekymra for korleis dette vil slå ut, sa Gunnell.

Til no har ikkje studiar tyda på store endringar i sjølvmordstal. Gunnell viste mellom anna til ein studie frå pandemiens tre første månader i Noreg og ein studie av pandemiens fire første månader i 21 land. Den vidare utviklinga er uklar fordi tal foreløpig manglar.

Les Gunnell og kollegaers studie i tidsskriftet Lancet: Suicide risk and prevention during the COVID-19 pandemic

Gunnell understreka at vi framleis ventar på tala frå pandemiens andre bølgje.

– Det kan hende at sjølvmordsratane vil stige etter kvart som pandemiens meir langsiktige effektar blir synlege. Mange land, som India, opplever dessutan store dødstal i dag. Vi må kontinuerleg overvake situasjonen, og enkeltland og regionar må ha gode og riktige tiltak for å passe på innbyggarane sine. 

Enkelte grupper meir utsette

Han peika også på at enkelte grupper kan vere meir utsette enn andre. I Japan såg ein for eksempel ein auke i sjølvmord i fjor sommar og haust, særleg blant heimeverande kvinner, studentar og undergrupper av arbeidsledige. Det er likevel uklart om dette hang saman med pandemien. I denne perioden var det kjende personar i Japan som tok livet sitt, noko som kan ha hatt ein smitteeffekt.  

Tidlegare studiar har tyda på at sjølvmordstala kan gå ned i krisetider: I fleire land, mellom anna Storbritannia og Noreg, var det færre sjølvmord enn normalt under dei to verdskrigane; i løpet av 200 år med tal for sjølvmord, er det aldri blitt registrert så låge tal i Noreg.

Den store depresjonen på 1920- og 30-talet verka motsett: Då følgde kurvene for arbeidsløyse kvarandre, både i Storbritannia og fleire andre land.

– Når det gjeld pandemiar, veit vi ikkje sikkert korleis dei har påverka, men enkelte studiar har tyda på ein auke i sjølvmordstala, sa Gunnell og viste til influensapandemien i 1918-19 og SARS-epidemien i 2003.  

Dagens situasjon er likevel annleis og i stadig utvikling, understreka professoren.

Eit augeblinksbilete

– Dataa vi har i dag, er tidlege data. Funna kan endre seg, og vi veit førebels lite om låginntektsland. Dessutan: Sjølv om sjølvmordstala ikkje har blitt merkbart endra til no, har folks mentale helse blitt påverka. Vi ser i stor grad på eit augeblinksbilete, a snapshot in time, sa professoren.

I tillegg til Gunnell, stod ei rekkje andre på den digitale scena på konferansen. Mellom anna snakka medieprofessor Petter Bae Brantzæg om framveksten av sosiale media og algoritmar og kor vidt desse kan føre til psykisk uhelse blant barn og unge. Ingebjørg Blindheim, grunnleggar av organisasjonen PsyktÆrlig, og politisk sjef for Facebook Norge Marianne Neraal, heldt innlegg om same tema.

Innvandrarar og sjølvmordsrisiko, samt menns overrepresentasjon på sjølvmordsstatistikken, var andre tema.

Tida etter utskriving 

Maud Angelica Behn fortalde om sine erfaringar med å ta del i ein sjølvmordsførebyggingskampanje, og NSSF-forskar Fredrik Walby kom med tips til korleis gje god behandling til pasientar med auka sjølvmordsrisiko. Nesten halvparten av dei som tar livet sitt i Noreg, har vore i kontakt med spesialisthelsetenestene i psykisk helsevern det siste året. Halvparten av desse døyr i løpet av den første månaden etter utskriving.

– Da må ein stille seg spørsmål ved om ting er planlagt godt nok, sa Walby, som tok utgangspunkt i nye data frå Nasjonalt kartleggingssystem for selvmord i psykisk helsevern.

Andre tema på konferansen var nullvisjonen for sjølvmord, oppfølging av etterlatne, samanhengen mellom sjølvmord og rus, samt livsmestring på timeplanen i skulen. Om openheit alltid er eit gode, vart også diskutert.

Bildet kan inneholde: møbler, bein, tv-programleder, fjernsyn, tv-program.
I sesjonen "Med livsmestring og selvmordsforebygging på timeplanen i skolen" deltok (frå høgre) Arne Holte (professor emeritus, UiO), Veronica Pedersen (prosjektkoordinator, Mental Helse) og Sanne Torsvik (sentralstyremedlem, Elevorganisasjonen). Panelsamtalen vart leia av Nina Grindheim (fagkoordinator, Voksne for barn).

Lars Mehlum, senterleiar ved NSSF, ser på konferansen som vellykka.

– Vi treng slike møteplasser no. Skal vi få fart på sjølvmordsførebygginga, må vi formidle ny kunnskap til alle som arbeidar på dette området. Vi treng å diskutere dei mange vegvala som må takast i tida framover. Eg trur konferansen ga eit godt bidrag til dette, og derfor er eg svært nøgd, seier Mehlum.

Publisert 27. mai 2021 14:11 - Sist endret 28. mai 2021 06:04