Sjølvskading og sjølvmordstankar:

 – Vanlege problem som må oppdagast i tide

Forskarar har spurt pasientar ved nesten alle psykiatriske poliklinikkar i Noreg og konkluderer med at det finst ei tett kopling mellom sjølvskading, sjølvmordstankar og sjølvmordsforsøk. 

Bildet kan inneholde: hånd, øyevipper, flash-fotografering, gest, finger.

Kor vanleg er sjølvskading, sjølvmordstankar og sjølvmordsforsøk blant pasientar i norsk psykiatri? Og i kva grad heng desse saman? Det er spørsmåla i ein studie som nyleg vart publisert i Journal of Psychiatric Research.

Dette er blant svara: I løpet av dei siste fire vekene hadde 8 prosent av dei spurte skada seg sjølve minst éin gong. 17 prosent hadde hatt sjølvmordstankar, og 0,6 prosent hadde prøvd å ta livet sitt.

28 prosent av dei som hadde skada seg sjølve, hadde også hatt sjølvmordstankar. Førekomsten av sjølvmordsforsøk var dessutan over sju gonger høgare blant pasientar som hadde skada seg sjølve enn blant andre pasientar.

Representative funn

– Studien viser først og fremst kor vanlege desse fenomena er. Dette handlar om svært mange pasientar, og dei treng ein målretta innsats. Vi har effektive behandlingsmetodar i dag, men det er ein føresetnad at problema oppdagast i tide, seier Lars Mehlum, professor i medisin og senterleiar ved Nasjonalt senter for selvmordsforskning og -forebygging.

Han står bak studien saman med forskarane Solveig Osberg Ose ved Sintef og Tone Tveit ved Haukeland universitetssjukehus.

Heile 23.000 pasientar deltok i den skriftlege spørjeundersøkinga, og 107 av 110 norske psykiatriske poliklinikkar var representerte. Forskingsfunna kan altså reknast å vere representative for brukarar av slike tenester.  

Snever tidsramme

Mehlum understrekar at undersøkinga handlar om sjølvmordstankar, sjølvskading og sjølvmordsforsøk dei siste fire vekene.

– Funna viser at sjølv innanfor ei så snever tidsramme har ein stor del av pasientane hatt nokon av desse problema. Hadde spørsmåla famna siste år eller siste to-tre år, ville nok talet for sjølvmordsforsøk sett annleis ut, seier han.

Populasjonsstudiar blant unge tydar på at meir enn halvparten av dei som skadar seg sjølve, har utført minst eitt sjølvmordsforsøk i løpet av sitt unge liv.

– Vi må rekne med at dette er enda meir vanleg når det er pasientar i psykisk helsevern som tar del i undersøkinga. 

– Ikkje gi deg

Professor i medisin, Lars Mehlum, meiner at det trengs ein målretta innsats for å fange opp personar som skadar seg sjølve eller tenkjer på å ta livet sitt. – Vi har framleis ein veg å gå før vi har gode nok rutinar for utgreiing og behandling, seier han.

Dess lenger sjølvskading varer utan at ein får hjelp, dess meir aukar faren for at sjølvskadinga blir meir alvorleg og at ho også fører til sjølvmordsåtferd.

– Det er ein klart auka risiko for sjølvmord blant personar som skadar seg sjølve. Både av den grunn og fordi desse personane som regel opplever livet sitt som forferdeleg vanskeleg, vil eg oppmode dei til å søke hjelp. Ta kontakt med helsetenestene, og ikkje gi deg ved første forsøk, seier Mehlum og legg til:

– For det finst effektiv hjelp å få, og du kan bli frisk igjen. 

Av Silje Pileberg
Publisert 25. feb. 2021 11:49 - Sist endret 25. feb. 2021 11:49