Undersøker langtidseffekten av DBT for unge

Lenge ville ein ikkje diagnostisere unge med personlegdomsforstyrringar, og dei vart heller ikkje behandla med dialektisk åtferdsterapi. Men for femten år sidan gjekk norske forskarar føre. No undersøker dei resultata. 

En ung kvinne ved vannkanten som ser på mobilen sin. Foto

Foto: Egor Myznik/unsplash

Kva effekt har dialektisk åtferdsterapi (DBT) på unge som skadar seg sjølve? Korleis har dei det fleire år etterpå? Dette er spørsmål som Iselin Solerød Dibaj undersøker i ein doktorgrad ved Nasjonalt senter for selvmordsforskning og -forebygging (NSSF). Ungdomar som fekk behandling for 11-15 år sidan, er i dag blitt vaksne og gjennomfører intervju, spørjeundersøkingar og sjølvrapportering via ein mobil-app.

Det er ikkje mange som driv med sjølvskading såpass mange år etter, fortel Dibaj.  

– Men noko av det vi lurer på, er om behandlinga har gjort at dei i dag betre klarer å regulere kjenslene sine, seier ho.

Første studie globalt med kontrollgruppe

Iselin Solerød Dibaj følgjer opp unge vaksne som fekk DBT-behandling i ungdomstida. Foto: UiO

Då 77 norske ungdomar vart rekrutterte til å delta i ein langtidsstudie om DBT i perioden 2008-2012,  var norske forskarar tidleg ute. Globalt var dette første randomiserte kontrollerte studie av DBT-A, altså Dialektisk åtferdsterapi for ungdom. 

Halvparten av ungdomane fekk standard oppfølging i barne- og ungdomspsykiatrien med individuell behandling og familieterapi. Den andre halvparten fekk DBT-A, med individuell behandling og ferdigheitstrening, der dei øvde på regulering av kjensler og åtferd saman med foreldra. Mengda behandling var omtrent lik for begge gruppene. 

Alle som deltok i studien var pasientar i barne- og ungdomspsykiatrien. Det var eit kriterium at dei hadde skada seg sjølve over tid, altså utført repetert villa eigenskade. Dette er eitt av fleire kriterium for å få diagnosen emosjonelt ustabil personlegdomsforstyrring. Ungdomane måtte i tillegg oppfylle to andre kriterium som trengst for å få denne diagnosen. Nokon hadde diagnosen, andre ikkje. 

– På denne tida var det omdiskutert å diagnostisere unge med emosjonelt ustabil personlegdomsforstyrring. Det vart hevda at dei kunne bli stigmatiserte. I tillegg opplevde mange fagfolk det vanskeleg å setje ein slik diagnose i ein periode av livet der emosjonell ustabilitet er relativt vanleg, seier Dibaj. 

Ein vanlegare diagnose i dag

Eitt av kjenneteikna på emosjonelt ustabil personlegdomsforstyrring (eng: borderline) er vanskar med å regulere kjensler. Lidinga debuterer alltid i barndommen eller ungdomsåra, og ho verkar ofte negativt på forholdet til andre menneske. Ho kan innebere upassande sinne, impulsivitet og hyppige humørsvingingar. Mange skadar seg sjølve.  

– I dag er det konsensus, iallfall i forskingsmiljø, om at denne diagnosen kan setjast i ungdomstida. Poenget med ein diagnose er jo å gje behandling. Utan behandling risikerer ein mange år med liding og tapt funksjon, seier Dibaj og legg til: 

– Ungdomar som får dette, strevar, og det går ut over både skule, relasjonar og familieliv. Nokon prøver også å ta livet sitt. 

Varig god effekt på sjølvskading

Dei norske studiane har vore viktige for behandlingstilbodet. I 2014 kom den første studien frå dei norske forskarane, som tyda på at DBT-A hadde betre effekt enn standardbehandling når det gjaldt sjølvskading, depresjonssymptom og sjølvmordstankar gjennom den 19 veker lange behandlingsperioden. For dei andre parametrane – symptom på personlegdomsforstyrring og ei oppleving av håplausheit – målte forskarane like stor betring hos begge grupper.

Eitt år etter behandling, var effekten på sjølvskading framleis sterkast i DBT-A-gruppa. Effekten på depresjonssymptom og sjølvmordstankar var no like god i begge grupper: Pasientane i kontrollgrupa hadde her opplevd stor betring i løpet av året som var gått og slik tatt igjen DBT-A-pasientane.    

Tre år etter behandling vart pasientane følgde opp på nytt gjennom intervju og spørjeskjema, slik det var blitt gjort også tidlegare. Resultata var dei same som etter eitt år: DBT-A hadde ein betre effekt, men berre på sjølvskading. 

Dei norske funna samsvarer med funn gjort av Elizabeth McCauley og kollegaer i USA i 2018, som tyda på at DBT-A er effektiv behandling mot sjølvskading og også sjølvmordsforsøk i unge pasientgrupper. 

Forhåpentleg er det ikkje berre slik at dei skadar seg sjølve mindre enn før. Kanskje har dei også blitt betre til å møte problem, snakke med menneske rundt seg og handtere kjenslene sine.

Iselin Solerød Dibaj

 Den ukjende langtidseffekten 

I dag er DBT-A vanleg praksis i behandling av ungdomar i Noreg; mange av landets DBT-team tilbyr det. Men det ein framleis veit lite om, er kva effekt behandlinga har på lang sikt. Dibaj har no gjennomført alle intervju med studiedeltakarane, som i dag er 25-30 år. I tre timar har ho snakka med kvar enkelt og gjort grundige diagnostiske vurderingar, i tillegg til at dei har svart på spørjeskjema. 

– Dei fleste har vore positive til å delta. Mange seier at det opplevast meiningsfullt og viktig å kome attende, seier ho. 

Etter intervjua har deltakarane fått tilgang til ein mobil-app med ulike spørsmål på tilfeldige tidspunkt fleire gonger dagleg gjennom ei veke. Dei har blitt spurte om dei har skada seg sjølve, om sjølvskadingstrong og om sjølvmordstankar. Dei har også fått spørsmål om ei rekke ulike kjensler – både positive og negative – og om kva dei har gjort for å handtere kjenslene og tankane sine. 

Målet er eit godt liv

Deltakarane har fått tilbod om tilbakemelding på app-svara sine i etterkant, forklarer ho. 

– Mange synest at det er moro og motiverande å sjå sine eigne opp- og nedturar skisserte i kakediagram og fargekart.

Ho veit ikkje kva behandling den enkelte har fått. Og ho kan ikkje seie noko om resultata førebels. Dataa blir analyserte i desse dagar og vil bli publiserte fortløpande.  

– Men vi trur at begge grupper har fått god hjelp. 

Eitt spørsmål er om den betringa som vart registrert dei første tre åra etter behandlinga, har vart ved. Eit anna spørsmål er om pasientane i dag regulerer kjenslene sine på ein betre måte enn før – og om det her er skilnad på dei to gruppene.  

– Forhåpentleg er det ikkje berre slik at dei skadar seg sjølve mindre enn før. Kanskje har dei også blitt betre til å møte problem, snakke med menneske rundt seg og handtere kjenslene sine. Målet er jo ikkje berre at ein skal fjerne det vanskelege, men også at ein skal byggje eit godt liv, seier Dibaj. 

Kjensleregulering har vist seg å vere viktig for å kunne fungere godt i livet på ei rekke område, påpeikar ho.  

– Klarer du å regulere kjenslene dine på ein god måte, er det bra både med tanke på å ta utdanning, å få jobb og bli verande i jobb, å ha gode relasjonar og å fungere godt i familielivet. Motsett ser ein at viss ein strevar mykje med å regulere kjensler, er ein særleg sårbar for å utvikle ei rekke psykiske plagar. 

Kjelder

Mehlum, L., Tørmoen, A. J., Ramberg, M., Haga, E., Diep, L. M., Laberg, S., … Grøholt, B. (2014). Dialectical Behavior Therapy for Adolescents With Repeated Suicidal and Self-harming Behavior: A Randomized Trial. J Am Acad Child Adolesc Psychiatry  53 (10), https://doi.org/10.1016/j.jaac.2014.07.003 

Mehlum, L., Ramleth, R., Tørmoen, A., Haga, E., Diep, L. M., Stanley, B. H.,… Grøholt, B. (2019). Long term effectiveness of dialectical behavior therapy versus enhanced usual care for adolescents with self-harming and suicidal behavior. J Am Acad Child Adolesc Psychiatry 60(10), 1112–1122. https://doi.org/10.1111/jcpp.13077

Mehlum., L., Ramberg, M., Tørmoen, A., Haga, E., Diep, L. M., Stanley, B. H., … Grøholt, B. (2016). Dialectical Behavior Therapy Compared With Enhanced Usual Care for Adolescents With Repeated Suicidal and Self-Harming Behavior: Outcomes Over a One-Year Follow-Up. J Am Acad Child Adolesc Psychiatry 55 (4),  https://doi.org/10.1016/j.jaac.2016.01.005

McClauley, E., Berk, M. S., Asarnow, J. R., Adrian, M., Cohen, J., Korslund, … Linehan, M. M. (2018). Efficacy of Dialectical Behavior Therapy for Adolescents at High Risk for SuicideA Randomized Clinical Trial. JAMA Psychiatry 75 (8), 777–785. https://doi.org/10.1001/jamapsychiatry.2018.1109

Dette er ein oppdatert versjon av ei sak publisert i tidsskriftet Suicidologi, nummer 1 2023.

Av Silje Pileberg
Publisert 15. mars 2024 12:47 - Sist endret 4. apr. 2024 10:39