Sidan oppstarten hausten 2023 har ei gruppe medisinstudentar teke delar av utdanninga si ved UiOs første eksterne campus for medisin, UiO Campus sør.
– Me kan utan vidare seia at dei første semestera ved UiO Campus sør har vore vellykka. Dette har vorte lagt merke til av studentane, som no kan søkja UiO Campus sør i Samordna opptak. Der er dette studietilbodet svært ettertrakta, seier utdanningsleiar ved Institutt for klinisk medisin, Knut Lundin.
Medisinstudiet ved UiO har no fleire moglege studieløp. Studentane kan søke om å starta i Oslo og så gjennomføra delar av studiet på Sørlandet.
Campus sør-laget har gjort ein stor innsats
Studiedekan ved Det medisinske fakultetet, Magnus Løberg, rosar alle som har bidratt, både med planleggingsarbeidet på førehand og med oppstarten og gjennomføringa av undervisninga og alt som følgjer med.
– Undervisarane ved Campus sør har teke studentane veldig godt imot og er svært engasjert i utdanninga. Og me har rekruttert ein veldig god leiar og koordinator for Campus sør. Desse har vareteke både studentar og tilsette på ein svært god måte, seier han.
Leiar ved UiO Campus sør, Halvor Øygarden, er stolt av laget han leier.
– Det er krevjande å starte opp noko nytt. Ein er heilt avhengig av å ha med seg eit godt lag for å få det til. Heile Campus sør-laget har jobba hardt for at studentane skal kjenna seg velkomne og oppleva at me leverer på løfta våre om god og klinikknær undervisning, seier Øygarden.
UiO Campus sør skal bidra til rekruttering av legar på Sørlandet
Satsinga om desentralisert medisinutdanning i sør er viktig av fleire årsaker.
– Desentralisert medisinutdanning skal bidra til at me utnyttar større delar av helsetenesta til utdanning, seier studiedekan Løberg, og held fram:
– Eksterne campusar skal også bidra til at det blir lettare å rekruttera legar i dei delane av landet som har særlege utfordringar.
Eit større miljø gir rom for meir erfaringsutveksling blant undervisarane
Øygarden er oppteke av at dei som skal undervisa i dei ulike faga i sør, har eit godt arbeidsmiljø.
– Dei som er tilsette må få gode rammer til å gjera jobben. Me har fått på plass eit bra lag med folk. Eg er imponert over korleis folk strekkjer seg for at dette skal bli bra, seier campusleiaren.
– Men me må tilsetja fleire og fylla nokre hol, slik at me fordeler jobben på fleire hender. Det er viktig for at me skal vera robuste nok til å levera god undervisning år etter år, legg han til.
Han ønskjer å bidra til eit godt kollegialt samhald blant undervisarane.
– Eg trur det blir gøy når me får gjennomført undervisning i fleire modular og me kan samlast for å dela erfaringar. Då kan me vera med å løfta kvarandre som undervisarar, seier han.
UiO utvidar studietilbodet i sør
Etter kvart som det blir fleire studentgrupper ved UiO Campus sør, aukar kompleksiteten for både sjukehuset og studentane. Inneverande semester vart tilbodet utvida med oppstarten av undervisning i faga nevrologi, øre-nase-hals og auge, som utgjer modul 4 på medisinstudiet ved UiO.
På nyåret startar undervisninga i modul 5, som består av faga psykiatri og farmakologi. Planen er vidare å utvida talet på studentar i kvar modul frå 10 til 15 studentar.
– Me er no i gang med tre av dei fire modulane som vart vedtekne ved opprettinga, så det er framleis mykje nybrotsarbeid som går føre seg. Heldigvis har me skaffa mange nyttige erfaringar når me no snart er i full drift, seier Løberg.
Det blir også jobba med å planlegge oppstart av modul 8 på Sørlandet frå hausten 2026. I medisinstudiets aller siste bolk blir det mellom anna undervist i faga indremedisin og kirurgi.
– Kartlegginga og førebuinga er viktig. Det krev eit godt grunnarbeid for at undervisningsopplegget skal bli best mogleg, påpeikar campusleiar Øygarden.
Undervisninga i sør får ringverknader
Med mindre studentgrupper og fleire lærarar per student, kan studiestaden prøva ut nye undervisningsformer og -tilnærmingar. Undervisarar i sør bruker mesteparten av undervisningstida til faglege diskusjonar og å gå meir i djupna på stoffet, framfor tradisjonelle forelesingar.
Studentane set pris på det gode læringsmiljøet.
– Me får tilbakemelding hele vegen, som me set stor pris på. Lærarane er veldig pedagogiske og klinisk retta når dei underviser, seier medisinstudent ved UiO Campus sør Stina Josefine Karlsen.
Tilnærminga til undervisninga i sør har hatt noko å seia for medisinutdanninga i Oslo.
– Prosessen med UiO Campus sør har gjort at me har sett svært nøye på vårt eige opplegg i Oslo. På mange måtar kan me kalla dette ein «liten revisjon» av medisinstudiet, seier Lundin, som har hovudansvaret for undervisninga i alle klinisk medisinske fag ved UiO.
Les meir
- Ønsker flere studenter velkommen til UiO Campus sør
- UiO Campus sør vinner Utdanningspris fra Helse Sør-Øst
- Medisinstudentene fra UiO Campus sør tar sommerjobb på Sørlandet
- Medisinutdanning ved UiO Campus sør blant landets mest populære
- To nye søkealternativ for medisinstudiet ved UiO
- Nye studieplasser for medisin på Sørlandet
- Universitetet i Oslo åpner sin første eksterne campus for medisinstudenter på Sørlandet sykehus