Frøydis Gullbrå

Barn som veks opp med foreldre som har rusproblem, psykisk sjukdom eller alvorleg somatisk sjukdom, har sjølv auka risiko for helseplager og psykososiale problem. Desse barna er ofte usynlege i hjelpeapparatet.

Om prosjektet:

I dette prosjektet set vi søkelyset på fastlegen si rolle i høve til barn som har alvorleg sjuke eller rusbrukande foreldre. Mange av foreldra har sitt første møte med helsetenesta hjå fastlegen, og denne legen følgjer ofte pasient og familie over tid. Fastlegen har difor ei potensiell nøkkelrolle som hjelpar.

Prosjektet har fem delstudiar:

1. Fokusgruppeintervju av fastlegar. Kva erfaringar har dei med barn som pårørande? Kva moglegheiter og avgrensingar ser dei i fastlegerolla?

2. Intervju av foreldre med psykisk sjukdom, alvorleg fysisk sjukdom eller rusmisbruk. Korleis tenkjer dei at fastlegen kan hjelpe barna deira? Kva behov ser dei?

3. Fokusgruppeintervju av barn i målgruppa. Kva slags oppfølging og støtte meiner dei fastlegen kan gi? Kor elles hentar dei støtte og hjelp? Vi intervjuar barn i etablerte gruppetilbod for barn av sjuke foreldre

4. Web-basert spørjeundersøking til alle fastlegar i Norge, der hypotesar frå dei tre fyrste delprosjekta blir undersøkt.

5. Utvikling av verktøy og retningslinjer til hjelp for fastlegane i oppfølging av barn som pårørande. Dette blir til med bakgrunn i resultat frå dei fire føregåande delstudia.

Prosjektets mål:

Gjennom studien ynskjer vi få fram kunnskap om kva ein fastlege kan bidra med for å hjelpe barn og familiar der foreldre er sjuk eller har rusvanskar. Eit overordna mål med studien er å utvikle verktøy som fastlegen kan bruke for å identifisere og hjelpe desse barna.

Prosjektets tittel:    

Fastlegen i møte med barn som pårørande

Publikasjoner:

Gullbrå F, Smith-Sivertsen T, Rortveit G, Anderssen N, Hafting M. To give the invisible child priority: Children as next of kin in general practice. Scand J Prim Health Care. 2014 Mar;32(1):17-23. doi: 10.3109/02813432.2014.874133. Epub 2014 Feb 17.

Gullbrå, Frøydis; Hafting, Marit. Fastlegen si rolle når barn er pårørende. Utposten, 42 (5) 2013

Frøydis Gullbrå disputerte 30.4.2017

 

Publisert 14. mars 2014 09:34 - Sist endret 8. aug. 2017 11:06