Camilla Kjellstadli

Dette ph.d.-prosjektet er del av eit større prosjekt om heimedød i Noreg

Om prosjektet:

Vi vil gjennomføre ein populasjonsbasert retrospektiv registerstudie ved å undersøke alle dødsfall i Noreg i perioden 1.1.2012-31.12.2013, med eit spesielt fokus på dei som døydde heime. Vi vil sjå om sosiodemografiske data, opphald i institusjon, heimesjukepleie, fastlegetenester, diagnosar og medikament dei siste tre månadane før død kan føreseie dødsstad. Opplysningar frå sentrale helseregister vil bli anonymisert før utlevering og analyse, slik at enkeltpersonar ikkje kan identifiserast i vårt materiale.

Dette ph.d.-prosjektet er del av eit større prosjekt om heimedød i Noreg ved Senter for alders- og sykehjemsmedisin (SEFAS), og er eit samarbeid mellom SEFAS, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Universitetet i Bergen og Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin (Nklm), Uni Research Helse.

Prosjektets bakgrunn:

Internasjonale undersøkingar viser at nesten 70 % av befolkninga, inkludert terminalt sjuke og eldre, ønsker å døy heime. Det fins ikkje norske undersøkingar. I underkant av 15 % av den norske befolkninga døyr heime, 32 % på sjukehus og 48 % på sjukeheim.

Publikasjoner:

Thoresen CK, Husebo B: “Eg vil døy heime!” Kvifor er dette så vanskeleg I Noreg? Omsorg: Nordisk tidsskrift for palliativ medisin 2015 31(1) 80-83

Publisert 28. aug. 2015 09:09 - Sist endret 3. jan. 2017 13:16