Sverre Litleskare

Prosjektet inngår i eit større prosjekt om konsekvensane av ein Giardia-epidemi i Bergen i 2004, og vil undersøke forskjellar i førekomst av matintoleranse i denne kohorten 3 år etter utbrotet, samt forskjellar i førekomst av CF og IBS 10 år etter utbrotet og endringar i førekomst over tid.

Om prosjektet:

I prosjektet har Giardia-eksponerte (som målt ved avføringsprøve positiv for Giardia lamblia cyster) vore samanlikna med ei kontrollgruppe for ei rekke utkome. Det er tidlegare mellom anna vist auka førekomst av kronisk utmatting (CF) og irritabel tarmsyndrom (IBS) 3 og 6 år etter dette utbrotet.

 Prosjektets mål:

1. Undersøke prevalens av IBS og CF 10 år etter Giardia-utbrotet i Bergen i hjå eksponert og kontrollar, og dokumentere endringar over tid.

2. Undersøke forskjellar mellom eksponerte og kontrollar i sjølvrapporterte symptom frå magen ved matinntak, samt å undersøke om desse forskjellane er påverka av IBS-status.

3. Undersøke livskvalitet i dei to gruppene, samt assosiasjonar mellom livskvalitet og CF/IBS.

Prosjektets bakgrunn:

Medisinsk uforklarte plager og symptom (gjerne kalla MUPS) som til dømes kronisk utmatting (CF) og irritabel tarmsyndrom (IBS), er svært vanlege i allmennpraksis. Likevel veit ein oftast ikkje årsaken til plagene, og god behandling manglar. Infeksjonar har tidlegare vore vist å kunne vere medverkande faktorar til utvikling av plager som t.d. IBS og CF. Giardia-utbrotet i Bergen i 2004 utgjer eit naturleg eksperiment og eit unikt høve til å gjere epidemiologisk forsking på langtidskonsekvensar av ein veldefinert infeksjon. Vårt håp er at denne forskinga skal utvide vår forståing av IBS og CF.

Prosjektets tittel:

Irritable bowel syndrome, chronic fatigue, food intolerance and quality of life following gastrointestinal infection: a controlled cohort study.

Publisert 25. sep. 2015 08:30 - Sist endret 4. jan. 2023 14:15