Gunnar Husabø

Prosjektet har som mål å evaluere om dei landsomfattande tilsyna med behandling av blodforgifting i sjukehus kan avdekke svikt i tenestene, om dei bidrar til forbetring når det er nødvendig. og korleis tilsyn kan bidra til betre tenester.

Om prosjektet:

Statens helsetilsyn gjennomfører i 2016/2017 landsomfattande tilsyn med det somatiske akuttilbodet i helseføretaka og korleis dei kjenner att og følgjer opp sepsis.

Helsetilsynet har initiert eit forskingsprosjektet som følgjer opp dette tilsynet. Forskingsprosjektet omfattar ein kvantitativ del, med innsamling av informasjon frå pasientjournalar for pasientar med sepsis, og ein kvalitativ del, med intervju med leiarar og tilsette ved nokre av sjukehusa som har fått tilsyn.

Prosjektets mål:

Målet med dette prosjektet er å evaluere om dei landsomfattande tilsyna med behandling av blodforgifting i sjukehus kan avdekke svikt i tenestene, og om dei bidrar til forbetring når det er nødvendig. Vidare har vi også eit mål om å lære meir om verknadsmekanismane for korleis tilsyn kan bidra til betre tenester.

Prosjektets bakgrunn:

Blodforgifting er ein alvorleg tilstand og ei av dei hyppigaste dødsårsakene for sjukehuspasientar. Å oppdage tilstanden tidleg, og å sette i gang behandling raskt, gjer at fleire overlever. Sentrale kjenneteikn for god tenestekvalitet ved mottak og behandling av pasientar med mistanke om blodforgifting er nedfelte i internasjonale behandlingsretningsliner. Om ein etterlever desse retningslinene, overlever langt fleire pasientar. Fleire internasjonale studiar har likevel vist at sjukehusa ikkje alltid diagnostiserer og behandlar blodforgifting i samsvar med retningslinjene.

Eit anna viktig fokus for prosjektet, er å få meir systematisk kunnskap om verknadene av tilsyn. Tilsyna som Helsetilsynet gjennomfører tener fleire føremål. Tilsyna skal kunne avdekke når tenestene ikkje er gode og sikre nok, samt at dei skal bidra til forbetring. Det er likevel lite forskingsbasert kunnskap om dei effektane tilsyn har.

Prosjektets tittel:

Mechanisms of Change: A Qualitative Study of Inspections with Sepsis Treatment in Norwegian Hospitals

Publisert 26. okt. 2017 13:21 - Sist endret 4. jan. 2023 12:11